Ledig stilling, 100 % FAST

Vil du vere med og utvikle reiselivet i Flåm?

Br. Wangen AS søkjer ein utadvendt og erfaren salsansvarleg for turoperatørar og FIT-marknaden.

Du vil få ei sentral rolle i å vidareutvikle samarbeidet vårt med nasjonale og internasjonale aktørar innan turoperatørsegmentet, grupper, FIT og MICE. Stillinga er ein del av vårt sal- og marknadsteam.

Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Ansvar for oppfølging og utvikling av turoperatørar og samarbeidspartnarar innan FIT, grupper og MICE – inkludert forhandlingar, kontraktarbeid og kampanjeutvikling

  • Initiere og leie samarbeid med både eksisterande og nye partnarar for å styrke trafikken særleg i perioden oktober–april ("new season")

  • Arbeid med salstrategi og struktur for ulike kundesegment

  • Bidra aktivt i utvikling og oppfølging av strategiplanen for sal og marknad

  • Delta på workshops, messer og kundebesøk

  • Planlegge og gjennomføre visningsturar

  • Vere ein aktiv bidragsytar i marknadsteamet, inkludert idé- og produktutvikling

 

Vi søker deg som har:

  • Relevant utdanning innan reiseliv, marknadsføring og hotell

  • Erfaring frå sal og samarbeid med turoperatørar, eller tilsvarande B2B-relasjonar

  • God forståelse for reiselivets verdikjede og evne til å bygge langsiktige relasjonar

  • Gjerne erfaring frå workshops

  • Strukturert og sjølvstendig arbeidsform, med gode samarbeidsevner

  • Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg – norsk/skandinavisk og engelsk er eit krav

  • Erfaring med CRM-system og rapportering er ein fordel

Vi tilbyr:

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag i ei framtidsretta reiselivbedrift

  • Moglegheit til å påverke og utvikle heilårsreiselivet i Flåm og Aurland

  • Fagleg utvikling i eit inkluderande og engasjert team

  • Kontorstad i vakre Flåm og Aurland – med tett samarbeid på tvers av fleire selskap i konsernet.

Stillingstype: 100 %, fast stilling
Søknadar vert vurdert fortløpande.

Tiltredelse etter avtale.

Vil du søke på stillinga?

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.

Send søknad med CV til Monna Kjos, Sal & Marknadssjef. Telefon +47 91 31 08 21, E-post: monna@flamsbrygga.no

Vi gler oss til å høyre frå deg! 

Om arbeidsgivaren:

Br. Wangen AS er ein lokal eigd reiselivsaktør med base i Flåm og Aurland. Konsernet omfattar mellom anna Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, rustikt hotell ved fjorden med konferansefasilitetar, Ægir BryggeriPub, Flåmstova Restaurant og Furukroa Kafé. Wangen Apartments i Aurland, moderne leilegheiter med høg standard for kort- og langtidsopphald. Mall of Norway ein av regionens største souvenirbutikkar. Saman tilbyr vi heilskaplege opplevingar for gjester frå heile verda – med fokus på kvalitet, personleg vertskap og lokal forankring.

Forrige
Forrige

Digital marknadsførar for Flåmsbrygga Hotell og Wangen Apartments

Neste
Neste

Reinhaldsmedarbeidar 100 %