Vi er glade for å dele nokre spanande nyheiter frå Ægir BryggeriPub!

Frå og med 17. januar 2026 vil Ægir BryggeriPub gjennomgå oppussing, som er venta å ta 8–10 veker. Oppussinga vil auke kapasiteten i restaurant og pub, forbetre sitjeoppsettet (sitjeordnig) og fornye møblar, og utvide både bar- og kjøkkenområdet — alt for å gi deg som gjest ein endå betre oppleving.

I denne perioden vil drifta til Ægir BryggeriPub midlertidig flyttast til Flåmstova Restaurant. Du som gjest kan sjå fram til same meny, same dyktige kokkar, og det same trivelege teamet.
Vi ser fram til å ønske alle velkomne tilbake til eit nyoppussa og forbetra Ægir BryggeriPub snart!

ÆGIR ØL OG MAT

Konseptet – det skal vere øl i og til maten, har vorte ein suksess.
Ægir BryggeriPub er gjennomsyra av vikinghistorie, og menyane likeeins. Vi nyttar kortreiste råvarer – dei som vart nytta i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Ægir øl er brukt i marinadar og sausar, og humle, malt og urter får sette preg og ein ekstra spiss på maten. Ægir Bryggeri lagar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.

Ægir Vikingplanke er vår signaturrett! Den unike 5-rettar øl– og matmenyen parar fem kortreiste rettar med fem ulike sortar Ægir-øl som komplimenterer maten. Kombinasjonen er perfekt!

Meny:

Sjå Ægir Vikingmeny her!

Sjå alle våre tilbod og menyar her!