Frukost
Den perfekte starten på dagen får du hjå oss!
Vi ynskjer gjestene våre ein god start på dagen i Flåmstova restaurant. Her kan du forsyne deg frå ein innhaldsrik frukostbuffet som bugnar av fersk frukt, varme - og kalde rettar, friske grønnsaker samt innslag av lokale råvarer. I Flåmstova vert du møtt av ein roleg stemning i ein koseleg og uformell setting, og du kan nyte utsikten over hamna og fjorden.
Pris
Frukost er inkludert dersom du er gjest på Flåmsbrygga Hotell. Gjestene som bur i leilegheitene kan kjøpe frokost separat.
Frukostbuffeten kan også nytast av gjester som ikkje bur på hotellet, og kostar kr. 250,- per vaksen og kr. 150,- per barn.