Om Flåmsbrygga

Overnatting, mat og opplevingar i Flåm og Aurland

Flåmsbrygga er ei familieeigd reiselivssatsing med hotell, leilegheiter og serveringsstader i både Flåm og Aurland — frå hamna i Flåm til sentrum av Aurland, i hjartet av Sognefjorden.

Flåmsbrygga Group omfattar Flåmsbrygga Hotell, Flåmsbrygga Apartments og Wangen Apartments i Aurland, samt Ægir Gastropub, Fjord Bistro og Flåm Restaurant. Verksemda er søsterbedrift til Mall of Norway og har ei tydeleg satsing på kvalitet, gjesteopplevingar og vidareutvikling av Flåm og Aurland som reisemål.

Ei ny satsing med lokale røter

Flåmsbrygga og serveringsstadene har vore ein del av reiselivet i Flåm i fleire tiår. I 2025 fekk verksemda ny lokal eigar og eit utvida tilbod med leilegheiter i både Flåm og Aurland.

Med oppgraderte konsept og større fokus på gode gjesteopplevingar har Flåmsbrygga fått eit nytt løft — samtidig som den varme og personlege atmosfæren er teken vidare. Resultatet er ei heilskapleg oppleving der gjester kan bu, ete og oppleve fjordlandskapet på ein ekte og komfortabel måte.

  • Reis til oss

    Planlegg reisa til Flåm og Aurland og transport mellom bygdene.

  • Opningstider

    Opningstider for overnattingsstader og serveringsstader på Flåmsbrygga.

  • Miljøfyrtårn

    Flåmsbrygga ønskjer å bidra til eit berekraftig samfunn for framtidige generasjonar.

  • Kontakt oss

    Ta gjerne kontakt med oss direkte med førespurnader eller tilbakemeldingar av alle slag!