Om oss

Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet. Konseptet omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa Kafè, Flåmstova Restaurant samt møte- og selskapslokale. Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Ægir Bryggeri AS og FjordSafari Norway AS.

Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline, Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir. Flåm er no ein heilårsdestinasjon med fokus på auka aktivitet om vinteren, og som ein av dei leiande aktørane i området bidrar Flåmsbrygga aktivt i reisemålsutvikling og held ope året rundt.