Ægir Gastropub

Ekte smakar. Ekte atmosfære.

MenyOpningstider

Ægir Gastropub kombinerer lokale råvarer, moderne matkultur og vikinginspirerte rettar i stemningsfulle omgjevnader midt i Flåm. Her står gode smakar, handverk på kjøkkenet og ekte vertskap i sentrum.

Bak dei store tredørene ventar ei heilt eiga atmosfære inspirert av norrøn mytologi og tradisjonelt handverk, med den karakteristiske 9 meter høge peisen i sentrum. Frå signaturrettar som Ægir Vikingplanke til sesongbaserte menyar skapte av dedikerte kokkar, ligg alt til rette for ei matoppleving utanom det vanlege.

I snart to tiår har Ægir Bryggeri brygga øl til restauranten i Flåm. Kombinasjonen av mat og øl er framleis ein viktig del av opplevinga og det som samlar folk rundt bordet.

Frå menyen

Chef preparing Ægir Viking Plank

Signatur: Ægir Vikingplanke

Fem matretter para med fem ulike ølsorter servert på ein planke.

Salmon served in Ægir GastroPub
The bar in Ægir GastroPub

Kortreiste råvarer

Sesongbaserte rettar med fokus på lokale råvarer og gode smakar.

I baren

Eit utval drikke og lokale smakar servert i heilt eigne omgjevnader.

Chocolate ganache cake served in Ægir Gastropub

Søte freistingar

Den perfekte avslutninga på måltidet finn du i dessertmenyen.

The vibrant Beer Garden at Flåmsbrygga, outside Ægir Gastropub

Ægir Ølhage - uteservering ved Ægir Gastropub

Ægir Ølhage er eit levande samlingspunkt ved hamna utanfor Ægir Gastropub — ei stemningsfull uteservering med tradisjonelle grindbygg og utsikt mot fjorden.

Her er det sosial stemning, enkle bitar og noko godt i glaset frå dag til kveld. Gjennom sommaren kan du også oppleve daglege vikingshow.

Couple enjoying tasting Ægir Gastropub

Smaking i Ægir Gastropub

Ægir Gastropub tilbyr smaking for grupper på førespurnad. Opplegget kan tilpassast ulike følge og kombinerast med servering i restauranten eller eigne arrangement.

Ta kontakt for meir informasjon.

Godt å vite

  • Ægir Gastropub tek gjerne imot grupper. For større følgje anbefaler vi å sende førespurnad på førehand slik at vi kan finne ei løysing som passar best for besøket dykkar.

    Kontakt oss: mail@flamsbrygga.no

  • Ja, de finn alternativ for ulike allergenar og spesielle kostbehov på menyen. Ta gjerne kontakt med personalet dersom de har spørsmål eller behov for tilpassingar.

  • Ægir Gastropub tilbyr middag à la carte året rundt, og lunsj à la carte om sommaren. Menyen byr på rettar inspirerte av nordiske smakar og sesongbaserte råvarer, servert i ei unik atmosfære ved hamna i Flåm.

  • Opningstidene varierer gjennom året. Sjå åpningstider her.

  • Ægir Gastropub ligg sentralt ved hamna i Flåm, som ein del av Flåmsbrygga. Kort gangavstand frå Flåmsbana, fjordcruise og sentrum.

  • De kan enkelt reservere bord via bordbestilling på nettsida eller sende ei førespurnad direkte til oss dersom de ønskjer hjelp med reservasjonen.