Vi har fornya oss
Vi er stolte av å kunne ønske deg velkomen til våre nyrenoverte hotellrom – ein varm og innbydande stil som gir ro og komfort. Den perfekte ramma for eit avslappande opphald.
Ægir BryggeriPub fhar og fått ny utsjåande. Puben er no oppgradert i gjennomført vikingstil, med fleire sitjeplassar og betre fasilitetar. Her kan du nyte gode måltid – og vår populære Ægir vikingplanke i unike omgjevnader.
Vi gler oss til å ta imot deg.
Aktivitetar i flåm
Vil du oppleve Nærøyfjorden frå RBB båt, eller vil du prøve truger i fjellet? Flåmsbana er ein av Noregs største attraksjonar, og Flåm Zipline er den lengste ziplinen i Norden! Flåm har aktivitetar og opplevingar som passar alle - gjennom heile året!
overnatting
På Flåmsbrygga Hotel bur du midt i hjartet av fjordlandskapet. Her møtest moderne komfort, ro og ekte vestlandsstemning. Vakne til utsikt over fjorden og la dagen starte i ditt eige tempo.
mat & drikke
Flåmsbrygga er meir enn eit hotell. På vårt koselege tun i hjarte av Flåm finn du Furukroa Kafé, Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub. Vår filosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten. Vi har tilbod til alle samanhengar!