Mat og drikke i Flåm
Flåmsbrygga tilbyr ulike mat- og drikkeopplevingar samla ved hamna i Flåm. Her finn du vikinginspirerte Ægir Gastropub, sosiale Fjord Bistro og klassiske Flåm Restaurant — midt i sentrum.
Her står gode smakar, ekte vertskap og den gode opplevinga rundt bordet i fokus. Enten du ønskjer ein lang middag, ein lunsjpause mellom opplevingar eller noko lett gjennom dagen, finn du eit konsept som passar.
Ægir Gastropub
Vikinginspirert gastropub med lokale smakar og ei heilt eiga atmosfære midt i Flåm. Her møtest gode matopplevingar, handverk på kjøkkenet og ekte vertskap i stemningsfulle omgjevnader.
Fjord Bistro
Sosial bistro i Flåm sentrum med lunsj, middag, baristakaffe og søte freistingar gjennom dagen. Stor terrasse med glasoverbygg, avslappa stemning og utsikt mot Aurlandsfjorden gjer Fjord Bistro til ein naturleg møteplass.
Flåm Restaurant
Klassisk restaurant ved fjorden med frukostbuffet, lunsjbuffet og middag à la carte i stilfulle omgjevnader. Her står sesongens smakar, gode råvarer og den gode opplevinga rundt bordet i fokus.
Opplev fjordbygdene
Overnatting i Flåm og Aurland
Frå lune hotellrom ved hamna i Flåm, til moderne leilegheiter ved fjorden i Aurland - Flåmsbrygga tilbyr ulike overnattingskonsept med kvar si stemning, samla midt i hjarta av Fjord-Norge.
Aktivitetar som gjer opplevinga komplett
Ei roleg stund i FjordSauna, cruising på fjorden med RIB, togreise med Flåmsbana og vandring mellom fjord og fjell. Flåm og Aurland byr på opplevingar tett på naturen – heile året.
Ofte stilte spørsmål
Finn svar på vanlege spørsmål om serveringsstadene på Flåmsbrygga i Flåm.
-
Hos Flåmsbrygga finn du fleire restaurant- og serveringskonsept samla ved hamna i Flåm sentrum. Her kan du velje mellom vikinginspirerte Ægir Gastropub, sosiale Fjord Bistro og klassiske Flåm Restaurant — alle i gangavstand frå Flåmsbana og fjordcruise.
-
Ægir Gastropub passar godt for deg som ønskjer lokalmat, handverksøl og ei unik vikinginspirert atmosfære. Fjord Bistro er perfekt for lunsj, baristakaffe eller noko lett mellom opplevingar, medan Flåm Restaurant passar godt for frukost samt lunsj og middag om sommaren i rolige omgjevnader.
-
Fjord Bistro tilbyr lunsj, baristakaffe og søte freistingar midt i Flåm sentrum. Flåm Restaurant tilbyr lunsjbuffet og Ægir Gastropub tilbyr lunsj à la carte i sommarsesongen.
-
Restaurantane hos Flåmsbrygga ligg sentralt ved Flåm hamn, berre få minutt frå både Flåmsbana og fjordcruise. Her kan du nyte lunsj eller middag før eller etter opplevingar i området.
-
Vi anbefaler bordbestilling i Ægir Gastropub og Flåm Restaurant, spesielt om sommarsesongen. Større grupper må også bestille på førehand. Du kan bestille bord direkte via nettsida eller kontakte oss på e-post.
-
Ja, restaurantane og serveringsstadene hos Flåmsbrygga er opne både for hotellgjester og andre besøkjande i Flåm.
-
Ja, restaurantane tilbyr vegetariske alternativ og tek omsyn til allergiar og ulike behov. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om meny eller allergen.
-
Ja, både Ægir Gastropub, Fjord Bistro og Flåm Restaurant tilbyr uteservering i sommarsesongen med utsikt mot fjorden og hamna i Flåm.