Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert!
Ved å velje ei miljøfyrtårn-sertifisert verksemd, bidreg du til ei meir berekraftig framtid.
Som ei familieeigd reiselivssatsing med hotell, serveringsstader og leilegheiter i både Flåm og Aurland ønsker vi å bidra til ei bedre verd.
Vår miljøstrategi er å til ein kvar tid kartlegge moglegheiter for å gjere tiltak for å kunne drive på ein mest mogleg miljøvenleg måte. Vi forheld oss til strenge krav mellom anna innan arbeidsmiljø, innkjøp, energiforbruk, transport, avfall og utslepp. Dette til glede for våre gjester, tilsette, lokalsamfunnet og ikkje minst dei fantastiske omgjevnadene hotellet er lokalisert i.
Vi spelar ei viktig rolle i det lokale samfunnet med å vere ein trygg arbeidsplass. I dag har vi 50 heilårsstillingar. Mange av våre tilsette starta å jobbe hjå oss som sesongarbeidarar. Etter ei tid slo dei seg ned i området og starta sine eigne familiar. Det er viktig for våre skular, offentlege tenester innan handel og helse, i tillegg til våre gjester som får oppleve eit levande bygdesamfunn.
Vi oppfordrar våre gjester til å reise berekraftig - nyt ei spanande togreise frå Bergen eller Oslo, før du byttar til Flåmsbana. Nyt eit fjordcruise på Nærøyfjorden ombord ein heil-elektrisk båt, eller reis med hurtigbåten frå Bergen. Fleire av opplevingane og attraksjonane i Flåm har liten eller inga miljø- og klimapåverking. Flåm og området rundt er også ideelt for fotturar eller sykling.
Som Miljøfyrtårn-sertifisert bedrift jobbar vi kontinuerleg for å redusere vårt klimaavtrykk og ta ansvar for både mennesker og natur.