Historia om Ægir
Frå norrøn mytologi til bryggeri i Flåm
Ægir vert i norrøn mytologi omtala som ein jotne. Han er bror av Vinden og Elden og er herskaren av havet. Ægir sin hall er ikkje opplyst av eld, men av skiraste gull. Kvart år ber han Æsene til ete- og drikkegilde i festsalen sin, Brime. Her ber ølet og maten seg sjølv rundt og drikkehorna fyller seg sjølve. Ægir brygger, ifølge Odin, det beste ølet. Det vert brygga i det største bryggekaret i verda, ei mil djupt. I Ægir sin hall måtte gudane halde fred med kvarandre og den som laga bråk vart bortvist for evig tid.
Med Ægir som førebilete vart Ægir Bryggeri utvikla med tilhøyrande skjenkestove i hans namn. Bryggeriet opna i juni 2007 og har hatt stor suksess. Ølet er også tilgjengeleg på mange sals- og skjenkestadar i Noreg. Filosofien er at folk skal kunne velge mellom ulike ølsortar på lik linje som med vin. Av den grunn tilbyr Ægir mange slag øl i utvalet, både over- og undergjæra øltypar.
Bryggaren, amerikanaren Evan Lewis, har gjennom mange år med både heimebrygging og formell utdanning, skapt sine versjonar av spanande og kjende øltypar. Han og teamet hentar inspirasjon frå mikrobryggeri internasjonalt, ikkje minst frå USA, til utvikling av nye ølsortar.
Ta gjerne kontakt med dei direkte på e-post for spørsmål om Ægir Bryggeri eller om tilbakemeldingar av ulike slag: info@aegirbryggeri.no