GRupper
Flåmsbrygga er staden for store og små arrangement. Vi tilbyr ulike menyar for grupper og har fleire lokale som passar grupper av ulik storleik. Nedanfor finn du eit utval av kva vi kan tilby gruppa. Klikk her for å lese meir om våre ulike selskapslokale.
LUNsj for grupper i FLÅMSTOVA RESTAURANT
10. april - 28. september 2025
Lunsjbuffet med kalde og varme rettar, heimelaga dessert samt kaffe/te.
1.januar - 9. april 2025 samt 29. september-31. desember 2025
Dagens lunsj: forrett og/eller dagens dessert. Vel felles hovudrett for gruppa. Kaffe/te er inkludert.
arrangement / selskap - lunsj / middag for grupper
Følgjande menyar er tilgjengeleg på førespurnad heile årer. Menyen kan verte servert i Flåmstova Restaurant, Peisestova eller Ægir BryggeriPub alt etter kapasitet og tilgjengelegheit. Kontakt oss for pris og tilgjengelegheit.
Ægir Vikingplanke: Vår unike 5-rettar øl- og matmeny der vi parar fem smårettar med fem ulike typar øl frå vårt eige Ægir Bryggeri.
3-retters selskapsmeny: 3-retters middag med smaksrike råvarer av høg kvalitet.