Leilegheiter

Flåmsbrygga Hotell tilbyr no også leilegheiter til deg som ønskjer ei meir fleksibel overnatting med sjølvhushald i hjartet av Flåm.

Flåmsbrygga leilegheiter består av åtte overnattingseinheitar i sentrum, der seks er lokalisert ved hamna og to er lokalisert ved togstasjonen med ulik kapasitet og utforming – perfekt for par, familiar og venegjengar. 

Leilegheitene ved Flåm stasjon har eitt eller to soverom og balkong der du kan nyte morgonkaffien med utsyn mot vakre fjell og dalføre. Ved hamna tilbyr vi både dobbeltrom med felles kjøken og leilegheiter med kjøken, med og utan soverom og balkong, med utsyn mot fjell og fjord.

Her bur du berre eit steinkast frå Flåmsbana, båthamna, kaféar, restaurantar og aktivitetstilbod – med moglegheit for å trekke deg tilbake etter ein dag full av opplevingar.