bordbestilling
Ægir BryggeriPub
Nyt ein velsmakande middag i Ægir BryggeriPub, inspirert av vikingtida og med smakar frå Ægir Bryggeri. Ægir-øl, samt ingrediensane i ølet, vert brukt i marinadar og sausar. Humle, malt og urter gir maten ein ekstra dimensjon. Ægir brygger øl som er smaksrike, både lyse og mørke, og som passar godt til alt frå fisk til vilt. Noko venting i puben må medreknast før bordet i andre etasje er klart - men med god drikke i baren vert ventetida ei oppleving i seg sjølv!
Flåmstova Restaurant
Nyt ein velsmakande à la carte-middag i stemningsfulle Flåmstova Restaurant – varm og triveleg med vakre detaljar som rekved, naturstein og lysekroner i tre. Me tilbyr à la carte-middagar i ein klassisk og elegant stil, men samstundes uformell og rustikk. Våre dyktige kokkar har sett saman ein gjennomtenkt og variert meny, og du får høve til å smake lokal mat frå området.
Tilgjengeleg for grupper heile året på lunsj og middag – send gjerne ein førespurnad til mail@flamsbrygga.no
For bordbestilling for meir enn 8 personar, send oss ein førespurnad.
Dersom du ikkje finn ledig bord, er du hjarteleg velkomen på “drop in”, og vi anbefalar å møte opp tidleg for å få bord.
Bestill bord her
Vi er glade for å dele nokre spanande nyheiter frå Ægir BryggeriPub!
Frå og med 17. januar 2026 vil Ægir BryggeriPub gjennomgå oppussing, som er venta å ta 8–10 veker. Oppussinga vil auke kapasiteten i restaurant og pub, forbetre sitjeoppsettet (sitjeordnig) og fornye møblar, og utvide både bar- og kjøkkenområdet — alt for å gi deg som gjest ein endå betre oppleving.
I denne perioden vil drifta til Ægir BryggeriPub midlertidig flyttast til Flåmstova Restaurant. Du som gjest kan sjå fram til same meny, same dyktige kokkar, og det same trivelege teamet.
Vi ser fram til å ønske alle velkomne tilbake til eit nyoppussa og forbetra Ægir BryggeriPub snart!