Vi har 2 faste stillingar i 100%

Reinhaldsmedarbeidar

Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga som omfattar Flåmsbrygga Hotell, Furukroa Kafé, Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub. No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team, då vi søker reinhaldsmedarbeidar. Vi er ei stolt Miljøfyrtårnbedrift, noko som er ei viktig grunnstamme i den daglege drifta og arbeidet vi utfører. Vi ynskjer oss ein person som er positiv, startar dagen med eit smil og tar utfordringar på strak arm.  

Vi ser etter deg som:

  • Samarbeider og kommuniserar godt

  • Trivest i eit hektisk miljø, er fleksibel, arbeidsam og strukturert

  • Er opptatt av kvalitet og å skape unike gjesteopplevingar

  • Jobbar godt i team, men og sjølvstendig

  • Ynskjer å “make people happy” - både gjester og kollegaer

  • Beherskar engelsk godt og/eller eit skandinavisk språk

  • Erfaring med reinhald frå hotell eller tilsvarande er ein fordel

 

Som reinhaldsmedarbeidar vil du mellom anna ha følgjande oppgåver:

  • Reinhald av våre serveringslokaler - Furukroa Kafé og Ægir BryggeriPub

  • Reinhald av gjesterom på Flåmsbrygga hotell og leiligheter i Flåm sentrum

  • Klargjering av bustad for tilsette

 

Tiltredelse etter avtale og grundig opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke samt i suvenirbutikken Mall of Norway.

VIL DU SØKE PÅ STILLINGA?

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.

Send søknad med CV til Justine Tislere, husøkonom. E-post: husokonom@flamsbrygga.no


OM ARBEIDSGIVAREN

Flåmsbrygga omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa Kafé og Flåmstova Restaurant. Flåmsbrygga Hotell AS er en del av konsernet Br. Wangen AS med Wangen Apartments/ Fjord Resort i Aurland, moderne leilegheiter med høg standard for kort- og langtidsopphald. Mall of Norway ei av regionens største souvenirbutikkar.

Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline, Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir. Flåm er no ein heilårsdestinasjon med fokus på auka aktivitet om vinteren, og som ein av dei leiande aktørane i området bidrar Flåmsbrygga aktivt i reisemålsutvikling og held ope året rundt.

 

 

Forrige
Forrige

Salsansvarleg for turoperatørar og FIT-marknaden