FLÅM ZIPLINE

OPPLEV DEN LENGSTE ZIPLINEN I NORDEN PÅ HEILE 1381 METER!

Flåm Zipline ligg ved Vatnahalsen Stasjon, nær Flåmsbana og Bergensbana. Adrenalinet pumpar og pulsen stig i det du set utfor det 305 meter høge stupet, og susar gjennom vill og vakker natur nedover Flåmsdalen. Ziplinen stoppar i Kårdalen ved Rallarrosa Stølsysteri i den øvste delen av Flåmsdalen. Her kan du senke skuldrene med ein kopp kaffe, smak av tradisjonsrik geitost og melkelappar.

DSC_0108.jpg

BESTILL ZIPLINE

Tilgjengeleg 27.april-12.oktober 2024

Pris 2024: vaksne kr. 800,- per person / barn kr. 600,- per person

Leige sykkel frå Kårdalen: kr. 375,- pp.

Bestilling for individuelle: klikk her!

Bestilling for grupper: klikk her!

Flam-Zipline-Lokasjon.png

PRAKTISK INFORMASJON

- Ankomst Flåm med bil: parkering ved Flåm stasjon. Tog frå Flåm til Vatnahalsen (bestill togbillett først).

- Flåm Zipline er lett tilgjengeleg for dei som syklar Rallarvegen eller som kjem med tog til Myrdal frå Oslo/Bergen.

- Ziplinen stoppar i Kårdalen i Flåmsdalen. Frå her kan du sykle/gå til Flåm, eller gå til Blomheller stasjon for å ta Flåmsbana til Flåm/Myrdal.

- Det er 2 stk. ziplinar for personar og 1 stk. zipline-vogn for bagasje/syklar (utan ekstra kostnad).

- Maksimumsvekt 140kg. og minimumsvekt 25kg.

- Helse: er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarta-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdommar som kan føre til anfall, bør du sjølv vurdere om det er forsvarleg å ta turen.

- Ved dårleg vèr kan ziplinen av sikkerheitsmessige årsakar stenge.

rsz_flåmsbrygga_hotell_10_thor_brødreskift.jpg

ER HAUSTPAKKA NOKO FOR DEG?

Flåmsbrygga tilbyr den perfekte pakka for deg som ynskjer nokre dagar ved fjorden!

Nyt spektakulær natur, lokale smakar, unike opplevingar og komfortabel overnatting med vakker utsikt. Pakka er fleksibel og passar alle - og kva er vel betre enn eit godt tilbod? Klikk for informasjon og prisar.