populære toppturar i verdsarvområdet - Nærøyfjorden

Utsikt er sjølve formålet med toppturen. I verdsarvområdet Nærøyfjorden vil synet av mektige fjell og smale fjordar ta pusten frå deg! Vi har samla dei mest populære toppturane i vårt spektakulære område - og vi har sjølvsagt eit godt pakketilbod til deg!

Ægir Viking plank 03 Thor Brødreskift.jpg

Pakketilbod

Pakka inkluderer:
- 2 netter i dobbeltrom med balkong og fjordutsikt på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet. Frukost inkludert.

- Middag dag 1 - Vel ein 2-rettar middag frå vår à la carte meny.

- Middag dag 2 i Ægir BryggeriPub. Nyt Ægir Vikingplanke - ein unik 5-rettar øl– og matmeny.

- 1 sjølvsmurt matpakke per person til toppturen

Pris: frå kr. 3290,- per vaksen i delt dobbeltrom (avhengig av sesong)

Fjellturen og transport til/frå turen organiserast på eiga hand.


Bakkanosi 1398 moh.

Mektig utsikt over verdsarvfjorden, Nærøyfjorden

Start turen frå Jordalen (avkøyring frå E16 i Nærøydalen). Parker bilen rett etter å ha kryssa brua over Slettedalselvi. Frå her følgjer du den nye traktorvegen som svingar seg oppover nordsida og inn til stølen i Slettedalen. Herifrå innover dalen er det først sti, som etter kvart vert mindre tydeleg. Ein følgjer delvis dyretrakk på venstre side av elva, med innslag av myr, men det er lett å gå. Når dalen vert brattare, kryssar ein elva og held fram på høgre side opp til Slettedalstjørni. Elva er lita og lett å krysse. Ved Slettedalstjørni dreiar ein til høgre og går på nordsida av vatn 1314, og i meir steinete underlag til høgre for høgd 1389 til toppen av Bakkanosi. For å få den mest dramatiske utsikta må ein søke til kanten mot fjorden, og gjerne utover ryggen. Her får ein eit mektig utsyn mot verdas flottaste fjord – Nærøyfjorden. Retur same veg.

Vanskegrad: svart. «Dette er lange turar for erfarne fjellfolk, og turane krev godt turutstyr og kunnskap om kart og kompass. Turane kan vere svært lange og kan innehalde parti med ulendt terreng og særs bratte stigningar, og ein må over lengre strekningar finne ruta i trerrenget sjølv.»

Bakkanosi+6+-+Torgeir+Skjerdal.jpg

praktisk info.

Start: Jordalen, rett nord for brua over Slettedalselva, 530moh.

Terreng: Traktorveg, umerkt sti, utydeleg sti, utan sti i stein og ur.

Tid: 8 timar t/r

Høgd: 880 m opp og ned.

Høgaste punkt: 1398 moh.

Lengd: 17,5 km t/r

Vanskegrad: svart


Breiskredsnosi 1189 moh.

Spesiell utsikt over Nærøyfjorden med delvis overhengande fjell!

Start turen frå Bakka (parkering mellom Bakka og Tufto). Frå her går det ein bratt sti opp til stølen Rimstigen, om lag 700 moh. Gå vidare mot Skarsvotni, og i nordenden av Skarsvotni tek turen til Breiskredsnosi av. Frå Skarsvotni vert stien dårlegare og er mange stader utydeleg. Stian går relativt slakt opp frå Skarsvotni, på vestsida av toppen på Rimstigfjellet. Her passerer ein det høgste punktet på turen, 1260 moh., og stien går litt nedover før den igjen går opp til Breiskredsnosi.

Returen kan anten gjerast som ein rundtur eller tilbake same vegen. Dersom ein vil ha ein rundtur kan ein gå til Dyrdal og deretter da ferje tilbake til Bakka. Då går ruta på høgre side av (aust for) vatn 1107 og til venstre (vest) for vatn 1104. Deretter bikkar det over kanten relativt bratt ned til stølen Vassete. Frå Vassete er det god sti ned til den idylliske stølen Hjølmo, og ein kjem så inn på ein traktorveg som ein skal følgje til garden Drego. Frå her er det grusveg ned til Dyrdal og fjorden.

Vanskegrad: svart. «Dette er lange turar for erfarne fjellfolk, og turane krev godt turutstyr og kunnskap om kart og kompass. Turane kan vere svært lange og kan innehalde parti med ulendt terreng og særs bratte stigningar, og ein må over lengre strekningar finne ruta i trerrenget sjølv.»

Breiskredsnosi+2+-+Torgeir+Skjerdal.jpg

praktisk info.

Start: P-plass mellom Bakka og Tufto.

Terreng: Delvis merkt sti til Rimstigen, deretter utydeleg sti, stein og ur.

Tid: ca. 10 timar (med retur om Dyrdal)

Høgd: ca. 1335 m. opp og ned.

Høgaste punkt: 1260 moh.

Lengd: 19,5 km. (med retur om Dyrdal)

Vanskegrad: svart


Ramnanosi 1421 moh.

Utsikt over fantastiske Flåmsdalen

Start turen frå høgdegarden Ryo (avkøyring frå Flåmsdalvegen mot Håreina og Ryavegen). Ikkje tilrettelagt parkering – pass på å ikkje blokkere for framkomst. Første del av turen går på grusveg til stølane i Gudmedalen (950moh). Her ser ein store «nye» dyrkingsfelt frå 1980-talet. Her bør gå opp på høgre side av dyrkingsfelta, sjølv om det ikkje er etablert sti der. Slik slepp ein å gå rundt det dyrka området. Ein går opp skaret bak dyrkingsområda, her kjem ein etter kvart inn på ein tydeleg sti. Følg stien til Stokkadalen om lag 1230 moh, og frå her tek ein mot venstre mot toppen av Ramnanosi. Her er det ikkje tydeleg sti. Her opnar synet av varden seg etter kvart. Det er stupbratte sider rundt varden, så trå varsomt.

Vanskegrad: svart. «Dette er lange turar for erfarne fjellfolk, og turane krev godt turutstyr og kunnskap om kart og kompass. Turane kan vere svært lange og kan innehalde parti med ulendt terreng og særs bratte stigningar, og ein må over lengre strekningar finne ruta i trerrenget sjølv.»

Knut-Erik+Seierslund+Ramnanosi.jpg

praktisk info.

Start: Ryo, fellesfjøsen. Ca. 650 moh.

Terreng: Traktorveg, umerkt sti, utydeleg sti.

Tid: Ca. 3 timar t/r

Høgd: ca 770 m. opp og ned.

Høgaste punkt: 1421 moh.

Lengd: ca 9 km. t/r

Vanskegrad: svart


Hovdungavarden 1243 moh.

Spektakulær utsikt over Aurland og Aurlandsfjorden

Start turen frå Li (avkøyring frå Onstadvegen opp Liavegen). Parker bilen der vegen deler seg mot Vikesland og mot Li. Herifrå går ein opp bilvegen til Li og tek opp til høgre mellom gardane og gjennom tunet. Ein følgjer traktorvegen som går i nordaustleg retning oppover lia, og etter kvart smalnar traktorvegen og blir til kløvjeveg mot heimestølen Sele, 460moh. Ein går opp til høgre for dei øvste husa på Sele, der snuplassen til vegen frå Vikesland ligg. Her startar den gamle kløvjevegen til Hovdungo. På vegen vil ein sjå kløfter i grunnen, lokalt kalla joer. Hald deg til stien då desse kan vere dekka av vegetasjon og soleis utgjere ein fare for dyr og menneske. Ein kjem opp på berghammaren Klanten, og deretter er det nokså flatt dei siste 500 metrane til Hovdungo. Her er det flott utsikt dersom ein går litt utpå kanten. Vidare går stien rett sørleg opp ryggen forbi Håvardsnipa (ca. 1000moh) og heilt opp til Hovdungovarden, 1243 moh. Blåskavlavarden er det høgaste punktet på 1443 og ligg enno 2km unna. Returen går same vegen. Ein kan også starte turen med å gå frå Vikesland mot Sele (traktorveg).

Dersom ein ynskjer ein kortarte tur, er utsikta frå stølane på Hovdungo fantastisk, og er soleis eit flott vendepunkt.

Vanskegrad: raud. Dette er lengre turar for erfarne og trena turgåarar. Turane krev godt turutstyr. Turane går gjerne både langs (merkte) stiar, i ope terreng og i stein og ur.  

Hovdungo+-+Gry+Loven.jpg

praktisk info.

Start: Parkering der vegen deler seg til Vikesland og Li, 175moh.

Terreng: God sti

Tid: 5 timar t/r

Høgd: 1060 m. opp og ned

Høgaste punkt: 1243 moh.

Lengd: 11 km. t/r

Vanskegrad: raud


Prest 1457 moh. / Røyrgrind 1353 moh.

Panoramautsikt over Aurlandsfjorden!

Denne toppen er ein favoritt blant bygdefolket, og undervegs på turen får du ein fantastisk utsikt over Aurlandsfjorden, ytst frå Beitelen til Flåm innerst i fjorden. Stien startar på 800 høgdemeter ved parkeringsplassen i Kvammadalen, og herifrå er det fin sti opp til Høgås. Stien vert brattare når du fortsett opp mot Røyrgrind, og her kjem du først til utsiktsvarden på 1363 moh. Sjølve toppen på Prest ligg om lag éin km vidare med toppvarden på 1478 moh., og frå toppen av Prest kan du sjå innover ryggen mot det høgste fjellet i området, Blåskavlen.

Vanskegrad: raud. Dette er lengre turar for erfarne og trena turgåarar. Turane krev godt turutstyr. Turane går gjerne både langs (merkte) stiar, i ope terreng og i stein og ur.  

Prest+-+R%C3%B8yrgrind+3-+Maria+Oppheim.jpg

praktisk info.

Start: Parkeringsplass i Kvammadalen, 800 moh.

Terreng: God sti til Høgås, vidare god men bratt sti. Umerkt.

Tid: 4 timar t/r

Høgd: 545 m. opp og ned.

Høgaste punkt: 1457 moh.

Lengd: 6,5 km. t/r

Vanskegrad: raud


Rimstigen 700 moh.

Utsiktstur i Nærøyfjorden!

Er du glad i bratt stigning og flott utsikt, så er Rimstigen ein tur for deg! Starten på stien er merka med eit skilt ved bilvegen mellom Bakka og Tufto, og allereie her byrjar stigninga. Undervegs går du gjennom både skog og ope mark, og passera flotte utkikkspunkt med fantastisk utsikt over Nærøyfjorden og fjella rundt. Delar av stien er restaurert og fint mura opp av sherpaar frå Nepal, slik at du enkelt kan ta deg opp langs dei bratte fjella. På toppen av Rimstigfossen kjem du til postkassa på Rimstigen, der det tidlegare har vore stølar og hus. Om du ynskjer ein lengre tur er det mogleg å gå vidare til Breidalen og Breidskredsnosi / Dyrdal.

Vanskegrad: raud. Dette er lengre turar for erfarne og trena turgåarar. Turane krev godt turutstyr. Turane går gjerne både langs (merkte) stiar, i ope terreng og i stein og ur.  

Rimstigen+4+-+Torgeir+Skjerdal.jpg

praktisk info.

Start: Parkeringsplass mellom Bakka og Tufto ca. 2 moh.

Terreng: God sti, men bratt.

Tid: 3 timar t/r

Høgd: ca. 700 m opp og ned.

Høgaste punkt: 700 moh.

Lengd: 4,6 km.

Vanskegrad: raud