Dykketur til Flåm for grupper

Ser dykkarklubben etter neste destinasjon? Prøv vrakdykking i Flåm - eit nydeleg vinterdykk på vraket av D/S Begonia.

19. april 1940 la D/S Begonia ut frå Rotterdam i konvoi på veg mot Murmansk. På veg nordover vart skipa angripne fleire gonger, og Begonia søkte tilflukt i vesle Flåm inst i Sognefjorden. 25. april vart Begonia oppdaga og angrepet av tyske fly. Skipet vart hardt råka, og kaptein Kägi omkom. Tyskarane bomba også fleire bygningar i Flåm. Begonia sank ikkje, og dette førte til bekymring for nye angrep. Norske styrkar senka difor skipet kort tid etter – men eksakt dato og korleis dette skjedde er noko uklart. Nokre kjelder seier at skipet vart sprengt 29. april, medan andre meiner at botnventilane vart opna av båten «Vestlefrik» den 2 mai.

Vraket av Begonia er eit flott dykkarmål der ho kviler på kjølen, på 8 til drøyt 36 meter djupn. Begonia er relativt intakt, med mange flotte og spanande detaljar. Ferskvatn som renn ut i fjorden i området kan påverke dykkarforholda, og difor er det anbefalt å dykke på vinteren for best mogleg sikt.

Kombiner ein spanande dykketur til Flåm med unike smaksopplevingar i Ægir BryggeriPub samt eit hyggeleg opphald på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet.

La oss skreddarsy eit supert opplegg for dykk!

Begonia-vegard-sandvik-2.jpg
FGS+04+Thea-Hermansen.jpg

Transport til dykket

Flåm ligg i enden av Aurlandsfjorden, ved E16 mellom Bergen og Oslo. Vraket av Begonia ligg om lag 400 meter frå land, og vi anbefalar bruk av båt for å nå utgangspunktet for dykket. Det er fleire alternativ til transport til dykket:

- FjordSafari Norway har opne RBB-båtar som tek maksimum 12 personar i kvar båt. Båtførar frå FjordSafari Norway køyrer båten. Pris per time, per båt.

- De kan leige båt i Flåm som de sjølv køyrer.

- Ta med eigen båt som sjøsettes i Flåm.

aegir-bryggeripub-viking-plank-03-thor-brodreskift.jpg

ægir øl- og mat

Vi driv eit av Noregs mest kjende mikrobryggeri - Ægir Bryggeri! Vi er lidenskapleg opptatt av øl samstundes som vi hentar mykje inspirasjon frå Vikingtida. Filosofien vår er at det skal vere Ægir øl i- og til maten.

Ægir Vikingplanke (bilete) er vår signaturrett! Den unike 5-rettar øl– og matmenyen parar fem kortreiste rettar med fem ulike sortar Ægir-øl som komplimenterer maten. Kombinasjonen er perfekt!

Evan+glas+-Thor+Br%C3%B8dreskift.jpg

unike smakar

Historia om Ægir Bryggeri starta med øl, men det stoppa ikkje der. Bruk sansane dine og oppdag ei ny verd av lukt og smak.

Vi tilbyr ulike variantar av smakingar, alt frå rein ølsmaking til smaking av alle Ægir Bryggeri sine produkt; Bekk – Noregs første alkofarris, Ægir øl – kjend for mange, Mjød – vikingmjød med preg av lynghonning, Gin – smaksrik med einebær og Akevitt – livets vatn.

FLAAM-NAEROYFJORDEN-WINTER-SVERREHJORNEVIK-53244-4369004.jpg

fleire attraksjonar

Flåm, del av Aurland kommune, er eit populært reisemål året rundt! Bli med på ein guida FjordSafari-tur med RIB i Nærøyfjorden, prøv flytande Fjord Sauna eller vil du kanskje reise tilbake til Vikingtida? Då anbefalar vi Vikinglandsbyen i Gudvangen! Stegastein Utsiktspunkt byr på vakkert utsyn over fjorden, Undredal inviterer til smak av prislønna geitost og Flåmsbana køyrer verdas mest spektakulære togstrekning.

flamsbrygga-hotel-03-thor-brodreskift.jpg

Bu på bryggerihotellet

Flåmsbrygga Hotell—Bryggerihotellet ligg idyllisk til på hamna i Flåm. Flåmsbrygga er lite og intimt med særprega stil – både tradisjonell og rustikk, men samstundes moderne og delikat. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. På eigedomen finn du også Ægir BryggeriPub, Furukroa Kafè og Flåmstova Restaurant.