Trugetur ved stegastein utsiktspunkt

Opplev fjorden frå eit fugleperspektiv med truger på beina

Turen startar i Flåm med bil til Aurlandsfjellet og eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein. Trugeturen byrjar, og guiden gir innføring i å gå på truger, eit ypperleg «fottøy» i laussnøen. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet. Varm drikke vert servert. Turen passar for alle.

Utstyr: Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Vottar og lue anbefalast. 
Oppmøte: 20 minutt før avgang i FjordSafari-resepsjon, nær Flåmsbana. Turen startar og sluttar her.
Turar / avgangstider: Sjå informasjon nedanfor.

FGS-Thea-HermansenDSC_2117-HQ.jpg

Praktisk informasjon

2,5 - 3 timar (Flåm - Stegastein & trugetur - Flåm)

Tilgjengeleg Januar, februar, mars & desember

Pris 2024: Vaksne kr. 890,- / Barn kr. 680,- (Anbefalt alder barn over 6 år)

Pakke: trugetur + ægir vikingplanke

Denne pakka kombinerer den beste naturopplevinga med den beste matopplevinga i Flåm!

Sesong: 1. januar 2024-31. mars 2024
Trugetur
kl. 08:15 eller 15:30 (oppmøte FjordSafari kai kl. 20 min. før)
Ægir Vikingplanke kl. 18:00-19:30 i Ægir BryggeriPub
Pris 2024: Vaksne kr. 1435,-

Ægir Vikingplanke, Flåmsbrygga sin signaturrett, parar fem kortreiste smårettar med fem sortar lokal Ægir-øl.