Vandreturar i verdsarvområdet

Ta deg tid til å oppleve det spektakulære og unike natur- og kulturlandskapet i området rundt Aurland og Flåm. Synet av bratte fjell, smale fjordar, mektige fossar og frodige dalar gir deg ei oppleving du seint vil gløyme. Vi har samla nokre populære vandreturar i området - og vi har sjølvsagt gode pakkatilbod for deg som ynskjer å bruke litt tid i vårt fantastiske område!

rsz_fl%C3%A5msbrygga_hotell_10_thor_br%C3%B8dreskift.jpg

Pakketilbod

Pakka inkluderer:
- 2 netter i dobbeltrom med balkong og fjordutsikt på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet. Frukost inkludert.

- Middag dag 1 - Vel ein 2-rettar middag frå vår à la carte meny.

- Middag dag 2 i Ægir BryggeriPub. Nyt Ægir Vikingplanke - ein unik 5-rettar øl– og matmeny.

- Smaksbrett med 3 øl frå Ægir Bryggeri.

Pris: frå kr. 3290,- per vaksen i delt dobbeltrom (avhengig av sesong)

Fjellturen og transport til/frå turen organiserast på eiga hand.


Aurlandsdalen

Opplev det beste av norsk natur- og kulturlandskap. Fotturen gjennom spektakulære Aurlandsdalen vil ta pusten frå deg, og vert ein tur du seint vil gløyme!

Den velkjende og historiske Aurlandsdalen var ein gong hovudvegen mellom dei austlege og vestlege delane av Norge. Området, som ofte kallast Noregs “Grand Canyon”, er vilt og storslått, rikt på plante-og dyreliv, kulturelle skattar, historie og geologiske trekk.

Heile Aurlandsdalen, frå Geiteryggen til Vassbygdi, er omlag 40 km lang. Den mest populære og spektakulære delen av turen strekker seg frå Østerbø til Vassbygdi, og vert rekna som ein dagstur på 6-8 timar, omlag 20 km. Stien tek deg forbi dalar og juv, ned bratte skråningar, omgitt av høge og taggete fjellformasjonar. Det er ei uforgløymeleg oppleving for turgåarar. Ein bør stoppe på stader som dei gamle gardene Nesbø, Sinjarheim og Almen. Fleire av dei gamle husa står der fortsatt og vitnar om ei svunnen tid. Det er mange forteljingar og historiar knytt til dei uvanlege stadsnamna ein møter på vegen. Verdt å nemne er den merkelige steingryta som omringar eit tjern, kalla Vetlahelvete.

Vanskegrad: raud - “Dette er lengre turar for erfarne og trena turgåarar. Turane krev godt turutstyr. Turane går gjerne både langs (merkte) stiar, i ope terreng og i stein og ur.”

Praktisk informasjon: turen er omlag 20 km lang, og tek mellom 6-8 timar. Denne etappen startar ved Østerbø Fjellstove (ca 820 moh) og går til Vassbygdi (ca 70 moh). Det går buss frå Flåm, elles anbefalar vi å parkere i Vassbygdi og ta buss / taxi frå Vassbygdi til Østerbø for turstart.


BREKKEFOSSEN

På fottur til Brekkefossen vil du ha ei fantastisk utsikt over fjorden og inn Flåmsdalen. Turen startar frå Flåm sentrum, kor ein går eit stykke på asfaltert veg opp dalen, langs Flåmselva. Etter 1,5 km lett gange, fortsett oppover fjellet til Brekkefossen plattform. Her er det nyleg bygd trappetrinn i stein. Det er bratt slik at ein raskt når høgde, og snart er den vesle bygda Flåm synleg mellom trea. Etter ca 30 minuttar oppoverbakke, opnar stien seg opp på ein graskledd avsats og tilbyr vakker utsikt over området.

FGS-Custom-Brekkefossen-DSC_5241.jpg

PRAKTISK INFORMASJON

Tid: 2 timar og 30 min

Lengde: 5 km tur/retur Flåm sentrum.

Høgdestigning: Ca. 155m

Turen passar for alle. Gode tursko og klede etter vèret.


FLÅMSDALEN

Start turen på den berømte Flåmsbana, som tek deg 20 km opp gjennom Flåmsdalen, frå havnivå til 867 moh. Gåturen startar frå Myrdal stasjon. Her kan ein nyte utsikta og sjå fleire fossefall langs fjellsidene, mens ein følger elva nedover dalen. Ta eit stopp på Rallarrosa Stølsysteri (open frå midten av juni til midten av september). Her kan du kjøpe gode lokale råvarer frå bondejentene og helse på geitene.

Alternativt utgangspunkt kan vera Vatnahalsen eller Blomheller, eller du kan gjere turen kortare ved å ta toget ned att frå Berekvam til Flåm (halvvegs ned i dalen).

Flamsdalen-elv-Sverre Hjornevik.jpg

Praktisk informasjon

Tid: Ca. 5 timar

Lengde: 18 km gåtur frå Myrdal til Flåm.

Høgde: Startar på 866 moh, og du ender opp i Flåm på ca 2 moh.

Turen passar for alle. Gode tursko og klede etter vèret.


Hovdungo

Turen startar frå garden Vikesland (460moh). Frå Vikesland følger du stien til den gamle fjellgarden Hovdungo. Hovdungo ligg 780 meter over vakre Aurlandsfjorden. Der kan du nyta spektakuler utsikt over fjord-og fjellandskapet. Turen er middels utfordrande, men nokre delar av stien er bratt. På toppen vert du beløna med ei av dei beste fjord utsiktene i området, før du vende nasen tilbake same veg som du kom.

Hovdungo Torgeir Skjerdal.JPG

praktisk informasjon

Tid: Ca. 3 timar

Lengde: 5,4 km gåtur / Høgdestigning: Ca. 320m.

Turen er bratt og krever bra fysisk form. Anbefalast ikkje om du har kne eller rygg problem! Gode tursko og klede etter vèret.


DAGSTURHYTTA I AURLAND

Frå parkering ved Vangen kyrkje / Aurland sentrum følger du Bjørgavegen til Doktorbrekka til du kjem til Rygg. Dette er den øvste vegen i bustadområdet. Følg denne til vassverket og vidare. Ved enden er det ein snuplass med skilt til dagsturhytta.

Etter om lag 30 minutt gange, på til tider utfordrande og bratt terreng, kjem ein opp til hytta der ein har fantastisk utsikt mot Aurlandsvangen og fjorden i retning både Flåm og Skjerdal. Inne på hytta er det eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. Så her kan ein nyte utsikta medan ein blar i kjekke bøker. Frå Dagsturhytta kan ein enten gå ned same sti til Aurlandsvangen, eller ein kan gå vidare opp til Stegastein utsiktspunkt.

Dagsturhytta Aurland.jpg


PRAKTISK INFORMASJON

Tid: Ca. 1,5 time tur/retur Aurland sentrum

Lengde: Ca. 4km tur/retur Aurland sentrum

Høgde: hytta ligg om lag 300 moh.

Turen passar for alle. Gode tursko og klede etter vèret.


DAGSTURHYTTA & STEGASTEIN UTSIKTSPUNKT

Frå parkering ved Vangen kyrkje / Aurland sentrum følger du Bjørgavegen til Doktorbrekka til du kjem til Rygg. Dette er den øvste vegen i bustadområdet. Følg denne til vassverket og vidare. Ved enden er det ein snuplass med skilt til dagsturhytta.

Etter om lag 30 minutt gange, på til tider utfordrande og bratt terreng, kjem ein opp til hytta der ein har fantastisk utsikt mot Aurlandsvangen og fjorden i retning både Flåm og Skjerdal. Frå Dagsturhytta kan ein gå vidare opp til Stegastein utsiktspunkt. Det er skilta sti frå Dagsturhytta og vidare oppover. Når ein kjem til Stegastein kan ein enten gå stien tilbake, eller følgje bilvegen tilbake til Aurlandsvangen.

Rezised Stegestein-utsiktspunkt-fl16716- Foto_Sverre_Hjørnevik.jpg


PRAKTISK INFORMASJON

Tid: Ca. 3 timar tur/retur Aurland sentrum

Høgde: Stegastein utsiktspunkt ligg om lag 650 moh.

Turen passar for alle, men er bratt. Gode tursko og klede etter vèret.


Bakkanosi+7+-+Torgeir+Skjerdal.jpg

Vil du på topptur?

Vi har samla dei mest populære toppturane i vårt spektakulære område - og vi har sjølvsagt eit godt pakketilbod til deg!

Opplev Bakkanosi, Ramnanosi, Prest, Breiskredsnosi og meir.