Resepsjonist

Kan du tenkje deg ein ny og spanande kvardag?

Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eitt av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet, med hotell, leilegheiter, bryggeripub, kafé og restaurant. No har DU sjansen til å bli ein del av vårt dyktige resepsjonsteam, som spelar ei sentral rolle i den daglege drifta av Flåmsbrygga.

Våre verdiar

Respektfulle
Vi bryr oss om kvarandre og behandlar menneske slik vi sjølve ønskjer å bli behandla.

Inkluderande
Vi ønskjer folk velkomne, lyttar til ulike idear og får alle til å kjenne seg inkluderte.

Motiverte
Vi er stolte av arbeidet vårt og gjer vårt beste for å skape gode resultat og positive opplevingar.

Vi søkjer deg som

  • Har erfaring frå serviceyrket – helst frå hotell eller resepsjon

  • Gjerne har erfaring med bookingsystem som Hotsoft, Mews, CityBreak eller BookVisit

  • Trivst i eit hektisk miljø

  • Er fleksibel, arbeidsam og strukturert

  • Har gode kommunikasjonsevner

  • Snakkar og skriv eit skandinavisk språk i tillegg til engelsk

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Utadvendt og entusiastisk

  • Positiv og med godt humør

  • Uformell og audmjuk – men profesjonell

  • Sjølvstendig, men ein tydeleg lagspelar

  • Serviceinnstilt med ei «ja, det fiksar vi!»-haldning

  • Glad i menneske og ønskjer å gi det lille ekstra for gjestene våre

Arbeidsoppgåver

Som resepsjonist vil du mellom anna arbeide med:

  • Inn- og utsjekk

  • Betening av sentralbord for heile Flåmsbrygga

  • Sal og meirsal

  • Gjesteservice

  • Skreddarsy hotellopphald og pakkar for individuelle gjester

  • Booking av hotell, arrangement, aktivitetar og bordreservasjonar via e-post og telefon

  • Klargjering av møterom og teknisk utstyr

  • Ivareta resepsjonen som hjartet i bedrifta

  • Fakturering

  • Nattevakt ved ferieavvikling eller sjukdom

  • Anna førefallande arbeid

Vi tilbyr

  • Tiltreding etter avtale

  • Grundig opplæring

  • Konkurransedyktig løn

  • Pensjonssparing

  • Personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke

Startdato: Mars 2026

Personalbustad

Vi tilbyr innkvartering for tilsette. Rom kan vere private eller delte, avhengig av tilgjengelegheit. Fellesområde som kjøken, bad, opphaldsrom og uteområde blir delte med kollegaer.

Å bu i personalbustad er ei sosial og fleirkulturell oppleving. Vi ser difor etter personar som er respektfulle, tolerante og samarbeidsvillige, og som trivst med å dele kvardagsrutinar med andre.

Husleige blir trekt direkte frå løn og inkluderer straum, internett og sengetøy.

Vil du søkje?

Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt.

Send søknad og CV til
Jannike Iren Skjerdal, resepsjonssjef

📅 Søknadsfrist: 23.03.2026
Intervju blir gjennomført via Teams eller personleg oppmøte.

👉 Søk her:
https://wangengroup.bamboohr.com/careers/56

Om arbeidsgivaren

Flåmsbrygga er ein lokalt eigd reiselivsgruppe med base i Flåm og Aurland. Gruppen omfattar mellom anna:

  • Flåmsbrygga Hotell

  • Ægir BryggeriPub

  • Flåmstova Restaurant

  • Furukroa Kafé

  • Wangen Apartments i Aurland

  • Mall of Norway

Saman tilbyr vi komplette gjesteopplevingar for besøkande frå heile verda, med sterkt fokus på kvalitet, personleg gjestfridom og lokal forankring.

Forrige
Forrige

Bookingmedarbeidar

Neste
Neste

Kjøkkensjef ved Flåmstova Restaurant & Furukroa Café