Vi er glade for å dele nokre spanande nyheiter frå Ægir BryggeriPub!

Frå og med 17. januar 2026 vil Ægir BryggeriPub gjennomgå oppussing, som er venta å ta 8–10 veker. Oppussinga vil auke kapasiteten i restaurant og pub, forbetre sitjeoppsettet (sitjeordnig) og fornye møblar, og utvide både bar- og kjøkkenområdet — alt for å gi deg som gjest ein endå betre oppleving.

I denne perioden vil drifta til Ægir BryggeriPub midlertidig flyttast til Flåmstova Restaurant. Du som gjest kan sjå fram til same meny, same dyktige kokkar, og det same trivelege teamet.
Vi ser fram til å ønske alle velkomne tilbake til eit nyoppussa og forbetra Ægir BryggeriPub snart!

À LA CARTE I ÆGIR BRYGGERIPUB

Vår filosofi er at det skal vere Ægir-øl i- og til maten, og konseptet er ein suksess! Nyt ein smaksrik middag i Ægir BryggeriPub, med inspirasjon henta frå vikingtida og smakar tilsett frå Ægir Bryggeri. Ægir-øl, samt ingrediensane i ølet, vert brukt i marinadar og sausar. Humlen, malt og urter set ein ekstra spiss på maten. Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.

Meny:
Sjå Ægir Vikingmeny her!
Sjå opningstider her!

Bestill bord her

Forrige
Forrige

Kafé

Neste
Neste

Á la carte