Salgsambassadør

Mai - August

Vi ser etter DEG som vil jobbe som salgsambassadør for Flåmsbrygga og Mall of Norway i Flåm.

Som salgsambassadør er du ansiktet vårt utad og møter gjester og forbipasserande med eit smil. Stillinga er utandørs og passar for deg som trivst med menneske, høgt tempo og ein sosial arbeidshverdag.

Flåm er eitt av Noregs mest populære reisemål, lokalisert i det spektakulære verdsarvområdet rundt Nærøyfjorden. Her finn du eit stort og variert utval av aktivitetar og opplevingar.
Konseptet Flåmsbrygga omfattar hotell og tre serveringsstader. Mall of Norway tilbyr klede frå kjende merkevarer, samt suvenirar. Å jobbe hos oss betyr å bli ein del av eit internasjonalt, sosialt og dynamisk arbeidsmiljø, der kvalitet og samarbeid står i sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • Dele ut flyers med salgsfremjande tilbod, som kampanjar, rabattar og spesialtilbod

  • Aktivt invitere gjester inn til våre verksemder

  • Skape gode møte og gi eit positivt førsteinntrykk

  • Representere merkevarene våre på ein profesjonell og imøtekommande måte

  • Bidra til god stemning og høg synlegheit i uteområda

Vi ser etter deg som:

  • Er utadvendt, entusiastisk og har godt humør

  • Er ung til sinns og energisk

  • Trivst i eit hektisk miljø

  • Likar å snakke med menneske og ta kontakt med nye gjester

  • Har gode kommunikasjonsevner

  • Er over 25 år

  • Snakkar flytande engelsk

  • Har spansk, italiensk eller andre språk (ein fordel, men ikkje eit krav)

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og positiv

  • Trygg i møte med menneske frå ulike kulturar

  • Sjølvstendig, men samstundes ein god ambassadør for teamet

  • Komfortabel med utandørs arbeid i all slags vêr

Vi tilbyr

  • Ein sosial og variert arbeidshverdag

  • Arbeid i eit levande og internasjonalt miljø

  • Ei synleg rolle med stor påverknad på gjesteopplevinga

  • Konkurransedyktige vilkår

Arbeidsstad: Utandørs, i tilknyting til våre verksemder
Arbeidstid: 10.00–18.00
Oppstart: Mai, etter avtale

Vil du søke på stillinga?
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål. Send søknad og CV direkte til oss.

Søk her
Neste
Neste

Servitør Ægir