ØKONOMI FAMILIEROM
NÅR HEILE FAMILIEN ER PÅ REISE, ER DET FINT Å BU SAMAN
Vårt økonomi familierom er det perfekte rommet for ein familie på opptil 6 personar. Rommet er 38 kvadratmeter, med dobbeltseng, sovesofa og uttrekkbar køyeseng. Her har du alt du treng for eit komfortabelt opphald og ei god natts søvn. Romma er i moderne og rustikk stil, men samstundes delikate. Her får du den gode atmosfæren som Flåmsbrygga Hotell er kjent for.
Økonomi familierommet ligg i andre etasje og er berre tilgjengeleg via trapp. Rommet har avgrensa utsikt frå vindauga.
OM ROMMET
Dobbeltseng 180x200 cm
Sovesofa 150x200 cm
Uttrekkbar køyeseng 80x200 cm
Privat bad med toalett og dusj med dusjsåpe
Komfortable lenestolar
Smart-TV
Nespresso kaffimaskin med kapslar
Vasskokar og teposar
Minibar
Hårføner
Møblert balkong
Gratis trådlaust internett
Rommet er røykfritt
Avgrensa tal parkeringsplassar
Offentleg parkering tilgjengeleg mot tilleggsavgift
Kjæledyr er ikkje tillatne i denne romkategorien