FLÅM ZIPLINE

OPPLEV DEN LENGSTE ZIPLINEN I NORDEN PÅ HEILE 1381 METER!

Flåm Zipline ligg ved Vatnahalsen Stasjon, nær Flåmsbana og Bergensbana. Adrenalinet pumpar og pulsen stig i det du set utfor det 305 meter høge stupet, og susar gjennom vill og vakker natur nedover Flåmsdalen. Ziplinen stoppar i Kårdalen ved Rallarrosa Stølsysteri i den øvste delen av Flåmsdalen. Her kan du senke skuldrene med ein kopp kaffe, smak av tradisjonsrik geitost og melkelappar.

BESTILL ZIPLINE

Tilgjengeleg 27.april-12.oktober 2024

Pris 2024: vaksne kr. 800,- per person / barn kr. 600,- per person

Leige sykkel frå Kårdalen: kr. 375,- pp.

Bestilling for individuelle: klikk her!

Bestilling for grupper: klikk her!

PRAKTISK INFORMASJON

- Ankomst Flåm med bil: parkering ved Flåm stasjon. Tog frå Flåm til Vatnahalsen (bestill togbillett først).

- Flåm Zipline er lett tilgjengeleg for dei som syklar Rallarvegen eller som kjem med tog til Myrdal frå Oslo/Bergen.

- Ziplinen stoppar i Kårdalen i Flåmsdalen. Frå her kan du sykle/gå til Flåm, eller gå til Blomheller stasjon for å ta Flåmsbana til Flåm/Myrdal.

- Det er 2 stk. ziplinar for personar og 1 stk. zipline-vogn for bagasje/syklar (utan ekstra kostnad).

- Maksimumsvekt 140kg. og minimumsvekt 25kg.

- Helse: er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarta-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdommar som kan føre til anfall, bør du sjølv vurdere om det er forsvarleg å ta turen.

- Ved dårleg vèr kan ziplinen av sikkerheitsmessige årsakar stenge.

Forrige
Forrige

Fjord cruise