Flåm – Leikanger – Balestrand - Bergen
Cruiset tek deg ut Sognefjorden, verdas lengste og djupaste fjord. Fjorden vert regna for å vere eit av dei vakraste reisemåla i verda. Landskapet er frodig, fossane stryk nedover fjellsida, og innimellom ser du små pittorekse tettstader, dyr og geiter. På denne eventyrlege reisa i fjordrike kjem du til Leikanger – ei av dei største fruktbygdene i Noreg, og til det historiske Balestrand som fortsatt er ei inspirasjonskjelde for mange kunstnarar, skribentar og fotografar.
Fjord cruise
Opplev det beste av Norsk fjordlandskap ombord ei av dei populære fergene
Flåm – Gudvangen
Fjordcruise på Nærøyfjorden som er på Unesco-lista. Nærøyfjorden er den trongaste fjorden i verda, berre 250 meter på det smalaste. Fjella kring fjorden reiser seg opp til 1 700 meter over den blanke vassflata. Nyt den imponerande utsikten, dei små grendene langs fjorden og fjellgardar som klamrar seg fast i fjellsida. Turen kan starte i Flåm eller Gudvangen, og går med båt ein veg, og retur med buss.