Møte

Eit møte på flåmsbrygga er mykje meir enn eit møte.

På Flåmsbrygga vil gruppa vere samla, og få ro og avkobling. Flåmsbrygga er ein ideell stad for teamutvikling, gruppeaktivitetar og utflukter, med ein sosial avslutning på møtedagen i Ægir BryggeriPub. Her er det fyr i peisen, stemning og den rette staden for Vikingmeny og ølsmaking.

Ta hurtigbåten frå Bergen i ope kystlandskap til Sognefjorden med trange sund, frodige grender og snødekte fjelltoppar. Eller ta «fjellvegen» – med tog frå Bergen eller Oslo og opplev det reisande frå heile verda kjem til Noreg for å oppleve,- Flåmsbana frå Myrdal i høgfjellet til fjorden i Flåm er ei av verdas vakraste togreiser!