Aktivitetar for gruppa

Kombiner møtesamling med kjekke aktivitetar og utflukter i verdsarvområdet!
Nedanfor er forslag på aktivitetar som passar for små og store grupper, med noko for kvar anledning og sesong.

Evan glas -Thor Brødreskift.jpg

presentasjon og ølsmaking

Ægir Bryggeri er vårt eige bryggeri! Ægir-ølet er i verdsklasse og konseptet vårt – det skal vere Ægir øl i og til maten, har vorte ein suksess. Ta del i den spennande historia vår i Flåm. Lær om ølbryggekunsten og bruk sansane dine til å oppdag ei ny verd av lukt og smak!

Sesong: heile året


DSC_0331.jpg

flåm zipline

Opplev Flåm sin nye og store attraksjon - Flåm Zipline, den lengste ziplinen i Norden på heile 1381 meter. Ziplinen ligg ved Vatnahalsen Stasjon, nær Flåmsbana og Bergensbana. Adrenalinet pumpar og pulsen stig i det du set utfor det 305 meter høge stupet, og susar gjennom vill og vakker natur nedover Flåmsdalen. Ziplinen stoppar i Kårdalen ved Rallarrosa Stølsysteri i den øvste delen av Flåmsdalen. Her kan du senke skuldrene med ein kopp kaffe, smak av tradisjonsrik geitost og melkelappar.

Sesong: mai-oktober


FGS-Thea-HermansenDocument Name-HQ_7.JPG

FjordSafari rib-tur

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur gjennom Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik båtførar/guide.

Kapasitet på 60 personar mellom april og oktober, og 36 personar frå november til mars. For større grupper splittar vi gjerne gruppa og køyrer parallell-opplegg med andre aktivitetar og opplevingar.

Sesong: heile året


rsz_sykkel-fl15458-_foto_morten_rakke_jpg.jpg

Sykle rallarvegen

Vegen vart bygd for hand rundt førre århundreskifte for å transportere utstyr og proviant under bygginga av Bergensbanen. I dag er Rallarvegen Noregs mest populære sykkeltur, om lag 80km lang frå Haugastøl – Finse – Hallingskeid om Vatnahalsen til Flåm. Turen frå «taket av Noreg» ned til Flåm ved Aurlandsfjorden er slåande vakker og vil gi deg minner du seint vil gløyme.

Sesong: juli, august, september


Viking+Valley+1.jpg

lagbygging i vikinglandsbyen

Bli med på lagbygging i Vikinglandsbyen i Gudvangen!

I Njardarheimr reiser du tusen år tilbake i tid, og får høyre historiar om vikingane og korleis dei levde. De får omvisning og historieforteljing, og blir deretter delt inn i lag for kjekke lagbyggingsaktivitetar ute og inne, som øksekast, bogeskyting og hjernetrim. Måtte det beste laget vinne!

Sesong: heile året


image00005.jpeg

FJORD SAUNA - flytande badstove

Nyt ein dampande heit sauna i kombinasjon med eit forfriskande bad i Aurlandsfjorden. Lokalisert i eit av verdas mest spektakulære fjordlandskap, vert dette ei oppleving du seint vil gløyme.

Bestill ei privat sauna-oppleving i 1,5t eller 2t til gruppa. Dette er det perfekte “krydderet” i programmet - perfekt etter utandørsaktivitetar eller før møtet!

Sesong: heile året


rsz_utsiktspunkt-stegastein-fl16292-_foto_sverre_hj%C3%B8rnevik_jpg_1.jpg

Stegastein utsiktspunkt

Konstruksjonen ligg langs fjellvegen mellom Aurland og Lærdal, og er ein del av satsinga til "Nasjonale Turitvegar". Stegastein som byggverk er ein attraksjon i seg sjølv, og i tillegg får du den flottaste fjordutsikten over Aurlandsfjorden mot Nærøyfjorden. Utsiktspunktet ligg 7 km frå Aurland og Aurland Skofabrikk som har fått skoen med ti-øringen tilbake i moteverda.

Sesong: heile året


Fjellsko VisitFlam Morten Rakke.jpg

vandring og sykling

Bli med på tur i vårt vakre verdsarvområde. Er gruppa interessert i vandring kan vi anbefale Aurlandsdalen eller Flåmsdalen, og er det sykkel som er i interessant - anbefalar vi sjølvsagt Rallarvegen! Dette kan kombinerast med lunsjboksar frå oss, med ein guide frå vår søsterselskap FjordSafari Norway, og aktivitetar som Flåm Zipline!

Sesong: mai-oktober


Snowshoe hike - Thea-HermansenDSC_2117-HQ.jpg

Trugetur og snøleik

Trugeturen startar i Flåm med buss til Aurlandsfjellet og eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein. Trugeturen byrjar, og guiden gir innføring i å gå på truger, eit ypperleg «fottøy» i laussnøen. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet.

Ved store grupper kan vi anbefale snøleik og kjekke konkurransar i området rundt Vatnahalsen Hotell, i samarbeid med våre partnarar i Flåm.

Sesong: januar, februar, mars