Vi utvidar sesongen i Flåm Restaurant!
Gode nyheiter! No kan du nyte ein smakfull middag i Flåm Restaurant kvar torsdag til søndag kl. 17.00–20.00, heilt fram til 20. desember.
Hausten og førjulstida er ei fin tid for å samlast rundt eit godt måltid. Vi utvidar derfor sesongen i Flåm Restaurant og ønskjer både lokale og tilreisande velkomne til hyggelege middagsopplevingar ved fjorden.
På vår à la carte-meny finn du mellom anna sprøsteikt svineknoke, omnsbakt laks, saftig burger og smakfull pasta med kylling. Og kva med å avslutte måltidet med ein lun sjokoladefondant servert med vaniljeis?
Ta med familie, vener eller gode kollegaer, og nyt god mat og ei avslappa atmosfære i hyggelege omgjevnader ved fjorden.
Velkomen til bords i Flåm Restaurant!