Ægir Gastropub blant dei topp 10 % beste restaurantane på Tripadvisor!

Vi har fått ei skikkeleg kjekk nyheit: Ægir Gastropub er kåra til Travellers’ Choice Winner 2026 av Tripadvisor. Det betyr at Ægir er blant dei 10 % beste restaurantane på Tripadvisor.

Og det er gjestene våre vi kan takke.

Basert på opplevingane til gjestene

Kvart år deler Tripadvisor ut Travellers’ Choice-utmerkingar til restaurantar, hotell og attraksjonar som får svært gode tilbakemeldingar frå reisande.

Utmerkinga er basert på vurderingar og karakterar som gjestene har lagt igjen på Tripadvisor gjennom ein periode på 12 månader. Det er med andre ord alle dei gode opplevingane, vurderingane og tilbakemeldingane frå gjestene våre som har løfta Ægir inn blant topp 10 %.

Det er vi både stolte og takksame for.

Mat og drikke med røter i Flåm

Ægir Gastropub ligg på tunet til Flåmsbrygga, like ved fjorden og Flåmsbana. Her møtest norsk matkultur, lokale råvarer og handverks-øl.

Bak dei store tredørene ventar ei heilt eiga atmosfære inspirert av norrøn mytologi og tradisjonelt handverk, med den karakteristiske 9 meter høge peisen i sentrum. Men det viktigaste for oss har alltid vore det som skjer rundt borda: god mat og drikke, godt vertskap og ei oppleving det er verd å hugse.

At gjester frå heile verda har tatt seg tid til å dele opplevingane sine, betyr mykje for oss.

Ægir Vikingplanke

Tusen takk!

Travellers’ Choice 2026 er ei utmerking vi deler med alle som jobbar på Ægir og Flåmsbrygga. Men aller mest vil vi takke dykk som har besøkt oss, anbefalt oss vidare og lagt igjen ei vurdering på Tripadvisor.

Tusen takk for at de har vore med på å plassere Ægir Gastropub blant dei 10 % beste restaurantane på Tripadvisor.

Har du ikkje besøkt oss enno? Då håpar vi å sjå deg neste gong turen går til Flåm.

Velkomen. Bestill bord på Ægir Gastropub her!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Sykle Rallarvegen i haustfargar. Avslutt dagen med ein god middag.