TRUGETUR VED STEGASTEIN UTSIKTSPUNKT
Opplev fjorden frå eit fugleperspektiv med truger på beina
Turen startar i Flåm med bil til Aurlandsfjellet og eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein. Trugeturen byrjar, og guiden gir innføring i å gå på truger, eit ypperleg «fottøy» i laussnøen. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet. Varm drikke vert servert. Turen passar for alle.
Utstyr: Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Vottar og lue anbefalast. 
Oppmøte: 20 minutt før avgang i FjordSafari-resepsjon, nær Flåmsbana. Turen startar og sluttar her. 
Turar / avgangstider: Sjå informasjon nedanfor.
PRAKTISK INFORMASJON
2,5 - 3 timar (Flåm - Stegastein & trugetur - Flåm)
Tilgjengeleg Desember, januar, februar og mars
Pris 2025: Vaksne kr. 950,- / Barn kr. 730,- (Anbefalt alder barn over 6 år)
PAKKE: TRUGETUR + ÆGIR VIKINGPLANKE
Denne pakka kombinerer den beste naturopplevinga med den beste matopplevinga i Flåm!
Sesong: 1. januar 2025-31. mars 2026
Trugetur kl. 08:15 eller 15:30 (oppmøte FjordSafari kai kl. 20 min. før)
Ægir Vikingplanke kl. 18:00-19:30 i Ægir BryggeriPub
Pris 2025: Vaksne kr. 1550,- 
Ægir Vikingplanke, Flåmsbrygga sin signaturrett, parar fem kortreiste smårettar med fem sortar lokal Ægir-øl.
 
                         
                
                
               
            
              
            
            
          
              