FJORDSAFARI - KOM TETTARE PÅ NATUREN…
Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RBB-båtar på ein guida tur gjennom Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik båtførar/guide. Du får eit unikt innsyn i bygdelivet ved fjorden, lokal historie samt segner frå området medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs.
Utstyr: Du får utdelt flytedrakter og flytevest (påbudt), Lue, vottar, briller og overtrekkssko tilgjengeleg ved behov. Kle deg elles etter været.
Oppmøte: 30 minutt før avgang i FjordSafari-resepsjon, nær Flåmsbana.
Turar / avgangstider: Sjå informasjon nedanfor.
VINTER FJORDSAFARI (2,5 timer)
Med eit stopp i den vesle fjordbygda Undredal for noko varmt å drikke, og lær om kvardagen i den lille bygda.
2 timar og 30 minutt (Flåm - Styvi - Undredal - Flåm)
Tilgjengeleg November, desember, januar, februar & mars
Pris 2025: Vaksne kr. 1220,- / Barn kr. 920,-
FJORDSAFARI (Heile året)
1 time og 30 minutt (Flåm - Sagfossen - Flåm)
Tilgjengeleg Heile året.
Pris 2025: Vaksne kr. 950,- / Barn kr. 730,-
FJORDSAFARI EXTENDED
2 timar og 15 minutt (Flåm - Gudvangen - Flåm)
Tilgjengeleg April, mai, juni, juli, august, september & oktober
Pris 2025: Vaksne kr. 1060,- / Barn kr. 780,- / Barn under 4 år gratis.
PAKKE: FJORDSAFARI EXTENDED + ÆGIR VIKINGPLANKE
Denne pakka kombinerer den beste naturopplevinga med den beste matopplevinga i Flåm!
Tilgjengeleg Oktober & April
FjordSafari Extended kl. 12:00-14:15 (oppmøte FjordSafari kai kl. 11:40)
Ægir Vikingplanke kl. 18:00 i Ægir BryggeriPub
Pris 2025: Vaksne kr. 1650,-
Ægir Vikingplanke, Flåmsbrygga sin signaturrett, parar fem kortreiste smårettar med fem sortar lokal Ægir-øl.
FJORDSAFARI TASTE
Med eit stopp i den vesle fjordbygda Undredal for noko varmt å drikke, samt smaksprøvar av den verdskjende geitosten!
3 timar (Flåm - Gudvangen - Undredal - Flåm)
Tilgjengeleg Mai, juni, juli, august & september
Pris 2025: Vaksne kr. 1325,- / Barn kr. 955,- / Barn under 4 år gratis.