Pakketilbod: Vinter i FLåm

Flåmsbrygga tilbyr den perfekte pakka for deg som ynskjer nokre dagar ved fjorden!

Nyt spektakulær natur, lokale smakar, unike opplevingar og komfortabel overnatting med vakker utsikt. Pakka er fleksibel og passar alle - og kva er vel betre enn eit godt tilbod? Sjå informasjon og prisar nedanfor.

Tilbodet gjeld perioden 01.01.24-31.03.24 & 01.11.24-30.12.24


Vår signaturrett Ægir Vikingplanke. Ein 5-retters øl- og mat meny

pakke vaksen

Pakka inkluderer:
- 2 netter i dobbeltrom med balkong og fjordutsikt på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet. Frukost inkludert.

- Middag dag 1 i Ægir BryggeriPub. Valfri 2-rettar middag frå vår à la carte Vikingmeny.

- Middag dag 2 i Ægir BryggeriPub. Nyt Ægir Vikingplanke - ein unik 5-rettar øl– og matmeny.

- Smaksbrett med tre smakar Ægir-øl.

Pris vaksen (18 år+): frå kr. 3290,- per person i delt dobbeltrom


Standardrom med balkong og ekstraseng

barn / Ungdom i ekstraseng

Pakka inkluderer:

- 2 netter i ekstraseng på Flåmsbrygga Hotell. Frukost inkludert.

- Middag dag 1 og 2: Vel ein 2-rettar middag frå vår barnemeny / à la carte meny.

- Ein valfri lokal juice!

Pris barn (3-12 år): frå kr. 1085,- per person i ekstraseng

Pris ungdom (13-17 år): frå kr. 2023,- per person i ekstraseng

Barn / ungdom kan få Vikingplanken utan alkohol ved eit tillegg i prisen.


Vinter FjordSafari på Nærøyfjorden

Programforslag: Det beste av flåm!

Dag 1:
- Ankomst og innsjekk på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet
- Privat flytande Fjord Sauna i Flåm
- Middag

Dag 2:
- Frukost
- Winter FjordSafari RIB-tur i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden
- Flåmsbana rundtur Flåm-Myrdal-Flåm. Kanskje verdas vakraste togreise…
- Middag

Dag 3:
Frukost og utsjekk

Tips: køyr eigen bil eller bestill busstur til spektakulære Stegastein Utsiktspunkt i Aurland!