familieselskap

når gode selskap vert gode minner

I vesle Flåm finn du Flåmsbrygga - eit tun med hotell, restaurantar og små og store lokaler - midt i blinken for små og store selskap. Planlegg du dåp, konfirmasjon, bryllaup, bursdag, minnestund eller ein annan milepæl? Flåmsbrygga har beliggenheiten, kapasiteten, maten, servicen og overnattingsmoglegheiter til å skape den perfekte ramma rundt markeringa. Vi har lang erfaring med selskap, feiring og arrangement, og vi hjelper sjølvsagt til med alle detaljar slik at de får det akkurat slik de drøymer om. Me tek oss av alt det praktiske, frå planlegging til opprydding, slik at de kan slappe av og nyte selskapet saman med gjestene.


barnedåp og namnefest

Frå dag èin vert minsten det naturlege midtpunktet i kvardagen, og mange ynskjer å markere barnet sitt første festlege lag som midtpunkt litt ekstra. På Flåmsbrygga løftar vi barnedåpen eller navnefesten ut frå kvardagen og inn i minneboka.


konfirmasjon

Konfirmasjonsdagen er ein stor milepæl for både konfirmanten sjølv samt foreldrene, og vi legg til rette for at begge partar vert nøgde. Lat oss ta del i planlegginga samt handtere det praktiske, og la oss saman gjere dagen minneverdig for konfirmanten.


bursdagsfeiring og jubileum

Rund dag, bryllupsdag, reunion eller ei feiring for vener? På Flåmsbrygga har vi dei rette lokala, stemninga og moglegheiter for å feire ditt jubileum akkurat slik du ynskjer.


minnestund

Vi kan ordne alt det praktiske og lette arbeidsbyrda på ein tung dag. Anten du ynskjer smørbrød og kaffe i rolege omgivnader, ein middag for dei næraste eller kun eit kakebord og ein stad å samlast etter begravelsen steller me i stand på førehand og ryddar etterpå.