Ægir BryggeriPub

Frå norrøn mytologi til bryggeri i Flåm

Ægir er vårt eige bryggeri som opna i 2007 og har raskt teke plasseringa som eit av dei beste handverksbryggeria i Noreg. Ægir ølet er i verdsklasse, og har fått både gull- sølv- og bronsemedaljar i «VM». Det heile starta med øl, men stoppa ikkje der - Ægir har også sin eigen akevitt!

Ægir BryggeriPub, ein del av tunet på Flåmsbrygga, er i dag ein av dei største attraksjonane i Flåm. Byggestilen er inspirert av norrøn mytologi og utvendig minner bygget om ei stavkyrkje. Inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av dragehovud og veggar prega av drivved. I første etasje finn du puben, medan andre etasje er restaurant. I Ægir BryggeriPub serverast øl og mat heile året. Velkomen!