Vikingmeny i ægir bryggeripub

Vår filosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten, og konseptetet har vorte ein suksess.

Nyt ein smakfull lunsj i Ægir BryggeriPub, med ispirasjon henta frå vikingtida og smakar tilsett frå vårt eige Ægir bryggeri. Ægir øl samt ingrediensane i ølet vert brukt i marinadar og sausar, og humlen, malt og urter set ein ekstra spiss på maten. Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.

Både Ægir BryggeriPub og menyane er prega av vikinghistorie. Vi nyttar norske og lokale råvarer – dei som vart brukte i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Her vil du få ei smaksoppleving frå 1000 år tilbake i tid.

Tilgjengeleg frå 1. mai 2024

Opningstider: Sjå opningstider her!