Frukost

Den perfekte starten på dagen får du hjå oss!

Vi ynskjer gjestene våre ein god start på dagen i  Flåmstova restaurant. Her kan du forsyne deg frå ein innhaldsrik frukostbuffet som bugnar av fersk frukt, varme - og kalde rettar, friske grønnsaker samt innslag av lokale råvarer. I Flåmstova vert du møtt av ein roleg stemning i ein koseleg og uformell setting, og du kan nyte utsikten over hamna og fjorden. 

Pris

  • Frukost er inkludert dersom du er gjest på Flåmsbrygga Hotell.

  • Frukostbuffeten kan også nytast av gjester som ikkje bur på hotellet, og kostar kr. 215,- per vaksen og kr. 125,- per barn.