





Flåmsbrygga kan freiste med spanande menyar og rettar i tråd med vår matfilosofi: Ægir øl i og til maten. Nytt tilbod i sommar – Á la carte.
Flåmsbrygga er ein ideell stad for teambuilding, kurs og leiarmøte. Vi skreddersyr pakkar med møte, aktivitetar, og lokal mat og drikke i vårt eige Ægir Bryggeri.
Lat Flåmsbrygga vere «base camp», midt i det beste av norsk natur og verdskjende attraksjonar. Opplev sykling på Rallarvegen, Fjordsafari i RIB-båt, vandring mm.
Ægir BryggeriÆgir er vårt eige bryggeri og har vore kåra til «Årets Bryggeripub» tre år på trad! Her kan du verte med på smaking av eigenprodusert øl og få ei innføring i ølbryggerkunsten. Besøk gildehallen i vikingstil med dragehovud og ein 9 meter høg peis frå golv til tak. Vår matfilosofi er Ægir øl i og til maten og vi bygger nye menyar og buffetar på lokale råvarer og vårt eige øl. Drikke til maten er sjølvsagt vårt eige Ægir-øl. Ølet er også ein viktig ingrediens i marinadar og sausar.