GRupper

Flåmsbrygga er staden for store og små arrangement. Vi tilbyr ulike menyar for grupper og har fleire lokale som passar grupper av ulik storleik. Nedanfor finn du eit utval av kva vi kan tilby gruppa. Klikk her for å lese meir om våre ulike selskapslokale.

LUNsj for grupper i FLÅMSTOVA RESTAURANT

18. mai-31. august 2024

  • Lunsjbuffet med kalde og varme rettar, heimelaga dessert samt kaffe/te.

1.januar 2024-16.mai 2024 samt 1. september-31. desember 2024

  • Dagens lunsj: forrett og/eller dagens dessert. Vel felles hovudrett for gruppa: fisk, mat eller vegetar. Brød vert servert på bordet. Kaffe/te er inkludert.

arrangement / selskap - lunsj / middag for grupper

Følgjande menyar er tilgjengeleg på førespurnad heile årer. Menyen kan verte servert i Flåmstova Restaurant, Peisestova eller Ægir BryggeriPub alt etter kapasitet og tilgjengelegheit. Kontakt oss for pris og tilgjengelegheit.

  • Ægir Vikingplanke: Vår unike 5-rettar øl- og matmeny der vi parar fem smårettar med fem ulike typar øl frå vårt eige Ægir Bryggeri.

  • 3-retters Selskapsmeny: Ein nøye samansett 3-retters meny med smaksrike kvalitetsråvarer.