Vi tilbyr moderne leilegheiter og dobbeltrom med sjølvhushald – midt i hjarta av Flåm.
Vi har utvida tilbodet vårt!
Leilegheitene ligg sentralt plassert – både ved hamna og togstasjonen – med ulik kapasitet og utforming, noko som gjer dei perfekte for par, familiar og venegjengar. På hotellet vårt tilbyr vi òg komfortable rom med balkong og vakker fjordutsikt – her er ein rikhaldig frukostbuffét inkludert i opphaldet. Hjå oss finn du alt du treng for eit triveleg opphald.
Aktivitetar i flåm
Vil du oppleve Nærøyfjorden frå RIB båt, eller vil du prøve truger i fjellet? Flåmsbana er ein av Noregs største attraksjonar, og Flåm Zipline er den lengste ziplinen i Norden! Flåm har aktivitetar og opplevingar som passar alle - gjennom heile året!
VIntermagi i flåm
Pakketilbod: Den ultimate fjordopplevinga!
Opplev det beste av Flåm på ein uforgløymeleg dag. Start med ein spennande FjordSafari, slapp av i ein flytande FjordSauna, og nyt ein velsmakande vikinginspirert middag på Ægir BryggeriPub, midt i hjarta av vakre Fjord Norge.
mat & drikke
Flåmsbrygga er meir enn eit hotell. På vårt koselege tun i hjarte av Flåm finn du Furukroa Kafé, Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub. Vår filosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten. Vi har tilbod til alle samanhengar!