Aurlandskortet

Vi lanserer Aurlandskortet!

Vi har den store gleda av å informere om lanseringa av Aurlandskortet – eit heilt nytt fordelsprogram spesielt for deg som bur i kommunen vår!

Som ein familieeigd bedrift set vi stor pris på innbyggjarane i Aurland, og vi ønskjer å gje dykk ein liten ekstra takk gjennom dette kortet.

Med Aurlandskortet får du som innbyggjar unike 30 % rabatt på våre salgsstader. – ei moglegheit til å nyte våre restaurantar, kafé og butikkar til gode prisar.


Du finn din personlege kode og QR-kode i brevet du har fått i posten.
Last ned appen, følg stega – og nyt gode lokale tilbod frå bygda vår.

FORDELER:

Aurlandskortet gir deg fordeler hjå oss og gjer det lett å støtte bygda. Med appen har du alltid fordelane lett tilgjengelege.

Rabatten gjeld:

  • Mat og drikke:

    • Fjord Bistro (tidlegare Furukroa Kafe)

    • Flåm Restaurant (tidlegare Flåmstova Restaurant)

    • Ægir Gastropub (tidlegare Ægir BryggeriPub

    NB: Rabatten gjeld ikkje alkohol, i samsvar med alkohollova.

    Rabatten gjeld ikkje ved gruppebestillingar (konfirmasjonar, minnestunder, bursdagsfeiringar, merkedagar etc og heller ikkje arrangement i vår regi (morsdag, farsdag, 17. mai-buffet, familiejulebord, Ugly Christmas Sweater Party etc.).

    Butikkar:

    • Flåm: Mall of Norway, Scandinavian Explorer Concept Store & Sweatershop

    • Butikken i resepsjonen til Wangen Apartments

    NB: Rabatten gjeld berre på varer til fullpris.

    Aurlandskortet gjeld ikkje på overnatting.

Ofte stilte spørsmål