Flåm zipline

Opplev Flåm sin nye og store attraksjon - Flåm Zipline, den lengste ziplinen i Norden på heile 1381 meter. Ziplinen ligg ved Vatnahalsen Stasjon, nær Flåmsbana og Bergensbana. Adrenalinet pumpar og pulsen stig i det du set utfor det 305 meter høge stupet, og susar gjennom vill og vakker natur nedover Flåmsdalen. Ziplinen stoppar i Kårdalen ved Rallarrosa Stølsysteri i den øvste delen av Flåmsdalen. Her kan du senke skuldrene med ein kopp kaffe, og smake tradisjonsrik geitost og melkelappar.

Kombiner Flåm Zipline med Ægir Vikingplanke i Ægir BryggeriPub - ei unik smaksoppleving!

Periode: 1. mai - 15. oktober 2019

Korleis kjem ein seg til flåm zipline?

  • Bilparkering kun ved Flåm Stasjon.

  • Tog frå Flåm til Vatnahalsen (bestill tog først slik at du er sikker på at det er ledig!)

  • Tog frå Bergen / Voss / Oslo til Myrdal, deretter tog eller gå/sykle til Vatnahalsen.

  • Ta zipline som del av rallarvegen-turen. Sykle / gå rallarvegen frå Haugastøl/Finse/Myrdal, og legg inn zipline som del av ruta!

  • Vel framme i Kårdalen kan du leige sykkel, ta toget frå Blomheller (lenger nede i dalen) eller halde fram gå/sykkelturen din!

Praktisk informasjon:

  • 2 stk. ziplinar for personar

  • 1 stk. zipline for varer/syklar/bagasje (utan ekstra kostnad)

  • Maks vekt: 140 kg.

  • Minimumsvekt: 25 kg.

  • Ikkje tillate å vere rusa.

  • Helse: Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarta-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdommar som kan føre til anfall, bør du sjølv vurdere om det er forsvarleg å ta turen.

  • Ved dårleg vèr kan ziplinen av sikkerheitsmessige årsakar stenge.