Stegastein utsiktspunkt

Få panoramautsikt over fjordlandskapet frå Stegastein utsiktspunkt, den spektakulære plattformen 650 moh. 

Konstruksjonen ligg langs fjellvegen mellom Aurland og Lærdal, og er ein del av satsinga til "Nasjonale Turitvegar". Stegastein som byggverk er ein attraksjon i seg sjølv, og i tillegg får du den flottaste fjordutsikten over Aurlandsfjorden mot Nærøyfjorden. Utsiktspunktet ligg 7 km frå Aurland og Aurland Skofabrikk som har fått skoen med ti-øringen tilbake i moteverda.