Pakkar

Kombiner kjekke aktivitetar med eit fantastisk måltid i Ægir BryggeriPub i varm og lun stemning. 

Nyt vinterlandskapet og fjord-lyset på ein eller fleire kjekke aktivitetar saman med våre vener i Flåm Guideservice. Erfarne, dyktige og kunnskapsrike guidar tek deg med på tur slik at du kan utforske Flåm og nærområdet i vinterdrakt. Prøv å gå i snøen på truger, utforsk verdsarvområdet i RIB-båt eller ta ein roleg kveldsvandring i Flåm der du lærer om norsk kultur, historie og natur. Etter ein dag ute i norsk vinterluft, - kva passar vel betre enn peiskos, god mat og gjerne ei handverksøl attåt? Prøv ein av våre pakkar der vi inviterer deg inn i varme og lune Ægir BryggeriPub etter ein kjekk dag ute i vinterlufta. Her vil du få servert vår populære vikingplanke. 

Vikingplanken er den store favoritten på menyen, og denne vil du få nyte i god atmosfære. Vikingplanken er vår unike 5-rettars øl - og mat meny. Den består av fem rettar mat som er perfekt para med fem ulike sortar øl frå vårt eige Ægir Bryggeri. Smak skalldyr, røykt rein, skalldyrsuppe, svineskanke og ei sjokolade ganch kake som smeltar på tunga. Vikingplanken er tilgjengeleg utan alkohol, for barn, som vegetar og kan tilpassast allergenar som gluten og laktose. Venlegast gi beskjed på førehand. 


Trugetur ved stegastein og Ægir Vikingplanke

Opplev fjorden frå eit fugleperspektiv med truger på beina, og avslutt dagen med peiskos og vikinginspirert mat og drikke på Ægir BryggeriPub.

Turen startar i Flåm med bil til Aurlandsfjellet og eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein. Trugeturen byrjar, og guiden gir innføring i å gå på truger, eit ypperleg «fottøy» i laussnøen. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet. Varm drikke vert servert. Turen passar for alle.

Etter ein fin ettermiddag på fjellet passar det bra med ein heilaften på Ægir BryggeriPub.

Turen startar og ender på FjordSafari kai (ved togstasjonen).

Klede og utstyr:

Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Vottar og lue anbefalast. 

FGS-Thea-HermansenDSC_2117-HQ.jpg

Praktisk informasjon

Periode/tid: 26. des. 2018 - 31. mars 2019

26. des. 2018 - 31. mars 2019: kl. 08:15 - ca. 11:00 (oppmøte 08:00)

1. feb. 2019 - 31. mars 2019: kl. 15:30 - ca. 18:00 (oppmøte 15:15)

Middag: mellom kl. 18:00 - 20:00 i Ægir BryggeriPub

Pakkepris: NOK 1195,- pp. inkl. trugetur og Ægir Vikingplanke


Vinter FjordSafari og Ægir Vikingplanke

Opplev det beste av natur og mat Flåm har å by på med denne flotte pakka!

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur gjennom Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik båtførar/guide. Du får eit unikt innsyn i bygdelivet ved fjorden, lokal historie samt segner frå området medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs. På veg attende til Flåm vert det eit stopp i den vesle fjordbygda Undredal for noko varmt å drikke og smaksprøvar av den lokale geitosten bygda er kjend for! 

Etter ein forfriskande vinterdag utendørs er det tid for ein heilaften på Ægir BryggeriPub. Du vil få servert den populære Ægir vikingplanke, ein unik 5-rettar øl- & matmeny.

Turen startar og ender på FjordSafari kai (ved togstasjonen).

Klede og utstyr:
Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Du kan evt. leige ekstra klede. 

Winter Fjord-safari- © Sverre Hjørnevik www.fjordnorway.com (orginal 4865px) lysare.jpg

praktisk informasjon

Periode: 1. november 2018 – 31. mars 2019

Tid: Kl. 11:45 - 14:15 (Oppmøte kl. 11:15)

Middag: mellom kl. 18:00 - 20:00 i Ægir BryggeriPub

Pakkepris: NOK 1195,- pp. inkl. FjordSafari og Ægir Vikingplanke


KULTURELL kveldsvandring og ægir vikingplanke

Bli med på ein roleg kveldstur i Flåm og avslutt kvelden med Vikingmeny i den unike Ægir BryggeriPub. 

Turen går på kultursti – ein fin turveg i nærområdet. Vi skimtar fjorden og snødekte fjelltoppar i lyset frå himmelen og nyt den friske vinterlufta. Kanskje er vi heldige og får måneskin og stjerneklar himmel. Den kunnskapsrike og entusiastiske guiden fortèl lokalhistorier og kan gi eit unikt innsyn i den kulturen i området.

Vi endar turen i den rustikke Ægir BryggeriPub. Nyt den gode varmen på skinnfell ved peisen, stemninga og Ægir Vikingplanke – ein vikinginspirert 5 rettar meny med ølsmaking til maten.

Turen startar på FjordSafari kai (ved togstasjonen), og ender i Ægir BryggeriPub. 

Klede og utstyr:

Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Vottar og lue anbefalast. 

TUR_03.jpg

PRAKTISK INFORMASJON

1. Nov. - 22. Des. 2018 og 2. Jan. - 31. Jan. 2019: Kl. 17:00 - 18:30

1 Feb. - 31. Mars 2019: Kl. 19:00 - 20:30

Bestilling innan kl. 16:00 same dag, oppmøte 10 min. før turstart.

Middag: Serveres mellom 18:00 og 21:00 i Ægir BryggeriPub.

Pakkepris: NOK 845,- per person inkl. vandring og Ægir Vikingplanke