Vinter FjordSafari

Med stopp i undredal

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur gjennom Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik båtførar/guide. Du får eit unikt innsyn i bygdelivet ved fjorden, lokal historie samt segner frå området medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs. På veg attende til Flåm vert det eit stopp i den vesle fjordbygda Undredal for noko varmt å drikke og smaksprøvar av den lokale geitosten bygda er kjend for! 

Klede og utstyr:

Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Du kan evt. leige ekstra klede. 

TheaHermansen_DSC3196.jpg

praktisk informasjon

Tid/periode: 2 timar og 30 min. (Flåm - Styvi - Undredal - Flåm)

1. Nov. 2019 - 31. Mars 2020: Kl. 11:45 - 14:15

Oppmøte: 30 minutt før avgang i FjordSafari resepsjonen (ved togstasjonen) for påkledning og innsjekk.

Pris: Vaksne kr. 810,- / Barn kr. 610,- (anbefalt for barn over 4 år)


BASIC VINTER FJORDSAFARI

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur gjennom Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik båtførar/guide. Du får eit unikt innsyn i bygdelivet ved fjorden, lokal historie samt segner frå området medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs. Ved Sagfossen, i byrjinga av Nærøyfjorden, returnerer båtane til Flåm.

Klede og utstyr:

Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Du kan evt. leige ekstra klede. 

FGS-Thea-HermansenDocument Name-HQ_16.JPG

praktisk informasjon

Tid/periode: 1 time og 30 minutt (Flåm - Sagfossen - Flåm)

1. Nov. 2019 - 31. Mars 2020: Kl. 09:30 - 11:00 (ikkje 24.12.2019 - 31.01.2020)

Oppmøte: 30 minutt før avgang i FjordSafari resepsjonen (ved togstasjonen) for påkledning og innsjekk.

Pris: Vaksne kr. 710,- / Born kr. 530,- (anbefalt for barn over 4 år)