brekkefossen

På fottur til Brekkefossen vil du ha ei fantastisk utsikt over fjorden og inn dalen. Turen startar frå Flåm sentrum, kor ein går eit stykkje på asfaltert veg opp dalen, langs Flåmselva. Etter 1,5 km lett gange, fortset me oppover fjellet til Brekkefossen plattform. Den steinete og bratte stien gir raskt høgde og snart er den vetle bygda Flåm synleg mellom trea. Etter ca 30 minuttar oppoverbakke, åpnar stien seg opp på ein graskledd avsats og tilbyr vakker utsikt over området. Bestill ein privat guide for å få ei unik innsikt i den lokale kulturen, historia og livet ved fjorden!

FGS-Custom-Brekkefossen-DSC_5241.jpg

praktisk informasjon

Tid: kl. 08:15 - 11:15 (oppmøte kl. 08:00 i FjordSafari resepsjon).

Lengde: 5 km tur/retur, og høgdestigning på ca. 155m.

Tilgjengeleg: 1. april 2020 - 31. mai 2020.

Pris: kr. 490,- vaksne / kr. 290,- barn

Turen passar for alle. Gode tursko og klede etter vèret.


Flåmsdalen

Me startar denne turen på den berømte Flåmsbana, som tek deg 20 km opp gjennom Flåmsdalen, frå havnivå til 867 moh. Gåturen startar frå Myrdal stasjon. Her kan ein nyte utsikta og sjå fleire fossefall langs fjellsidene, mens ein føl elva nedover dalen.Nyt ei personleg guida oppleving, fullpakka med historiar, forteljingar og lokal kunnskap! Ta eit stopp på Rallarrosa Stølsysteri (åpen frå midten av juni til midten av september). Her kan du kjøpe gode lokale råvarer frå bondejentene og helse på geitene.

Alternativt utgangspunkt kan vera Vatnahalsen eller Blomheller, eller du kan gjere turen kortare ved å ta toget ned att frå Berekvam til Flåm (halvvegs ned i dalen).

Kardal-Flamsdalen-Sverre Hjornevik.jpg

praktisk informasjon

Tid: Ca. 5 timar med guide

Lengde: 18 km gåtur frå Myrdal til Flåm.

Høgde: Startar på 866 moh, og du ender opp i Flåm på ca 2 moh.

Turen passar for alle. Gode tursko og klede etter vèret.

Turen med guide er kun tilgjengeleg på førespurnad.