Pakkar

HERITAGE FJORDSAFARI og ægir vikingplanke

få det beste av natur-, kultur- og matoppleving i ei pakke!

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur gjennom Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik båtførar/guide. Du får eit unikt innsyn i bygdelivet ved fjorden, lokal historie samt segner frå området medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs. Turen går tur / retur Flåm - Gudvangen, og du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko (ved behov). 

Etter ein dag ute i frisk luft, - kva passar vel betre enn peiskos, god mat og gjerne ei handverksøl attåt? Vikingplanken er den store favoritten på menyen, og denne vil du få nyte i god atmosfære. Vikingplanken er vår unike 5-rettars øl - og mat meny. Den består av fem rettar mat som er perfekt para med fem ulike sortar øl frå vårt eige Ægir Bryggeri. Smak skalldyr, røykt rein, skalldyrsuppe, svineskanke og ei sjokolade ganch kake som smeltar på tunga. Vikingplanken er tilgjengeleg utan alkohol, for barn, som vegetar og kan tilpassast allergenar som gluten og laktose. Venlegast gi beskjed på førehand. 

FGS-Fjordsafari-DSC_6932.jpg

praktisk informasjon

Periode: 1. april 2019 – 30. april 2019

Time: 12:10 - 14:25 eller 15:15 - 17:30

Oppmøte: 20 minutt før turstart i FjordSafari resepsjon

Middag: mellom kl. 18:00 - 20:00 i Ægir BryggeriPub

Pakkepris: NOK 1195,- pp. inkl. FjordSafari og Ægir Vikingplanke