Trugetur ved stegastein utsiktspunkt

Opplev fjorden frå eit fugleperspektiv med truger på beina

Turen startar i Flåm med bil til Aurlandsfjellet og eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein. Trugeturen byrjar, og guiden gir innføring i å gå på truger, eit ypperleg «fottøy» i laussnøen. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet. Varm drikke vert servert. Turen passar for alle.

Turen startar og ender på FjordSafari kai (ved togstasjonen).

Klede og utstyr: Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Vottar og lue anbefalast. 

FGS-Thea-HermansenDSC_2117-HQ.jpg

Praktisk informasjon

Tid/periode: 2,5 - 3 timar

26.12.2018 - 31.03.2019: Kl. 08:15 (bestilling før kl. 22:00 kvelden før)

01.02.2019 - 31.03.2019: Kl. 15:30

Oppmøte: 20 minutt før turstart i FjordSafari sin resepsjon.

Pris: Vaksne kr. 775,- / Barn kr. 535,-