Opplev undredal

Ta biltur med guide og opplev det tradisjonsrike Undredal. Den vesle pittoreske bygda med ca 80 fastbuande og 400 geiter, er ein rein idyll ved fjorden –  mest kjend for geitosten, arkitekturen, kulturen og den minste stavkyrkja i Skandinavia,  frå år 1147. Bli med på ein vandretur i bygda, og hels på geitene på geitefarmen. Få innblikk i korleis kvit og brun geitost vert laga og nyt smakane. Lunsj med lokal mat på brygga før turen går tilbake til Flåm.

FGS_UndredalDSC_6087.jpg

praktisk informasjon

Tid/periode: 4 timar rundtur

15. Juni 2019 - 15. August 2019, kl. 10:00-14:00 kvar dag.

Oppmøte: 15 minutt før avgang i FjordSafari resepsjon.

Pris: Vaksne kr. 1090,- / Barn kr. 790,- inkl. transport, lunsj og guide på heile turen.