Rallarvegen

Turen startar på Haugastøl eller Finse, og går i høgfjellet mot Myrdal. Du passerer den mektige Hardangerjøkulen og vidare i det spektakulære partiet frå Hallingskeid til Vatnahalsen. Herifrå trillar du nedover Flåmsdalen forbi fossefall og geiter på beite. Turen endar ved fjorden i Flåm til «after bike» i Ægir BryggeriPub!


Ta bilen, bussen eller toget til Haugastøl, eller tog til Finse. Du kan bruke eigen sykkel, eller leige på Haugastøl eller Finse 1222.

Vi anbefalar også sykkelpakka til Fjord Tours. Sjå her!