Flåmsbana

OPPLEV EI AV VERDAS MEST SPEKATULÆRE TOGREISER, OG EIN AV DEI STØRSTE ATTRAKSJONANE I NOREG.

Flåmsbana går mellom høgfjellstasjonen Myrdal på Bergensbanen ned til Flåm stasjon inst i Aurlandsfjorden. På den 20 kilometer lange togturen med ein høgdeforskjell på omlag 865 meter opplever du noko av det villaste og mest storslåtte som finst av norsk natur. Her kan du sjå elvar som skjær seg gjennom djupe gjel, fossar som kaster seg utfor bratte fjellsider med snødekte fjelltoppar og fjellgarder som klamrer seg fast i bratte skråningar.

Flåmsbana er ei av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor. Nesten 80 prosent av strekningen ligg i 55 ‰ stigning, det vil seie ei stigning på ein meter på 18. Vendetunnelen som går i spiral inn og ut av fjellet er eit bevis på den mest dristige og kyndige ingeniørkunst i norsk jernbanehistorie.

Du kan kombinere ein tur med Flåmsbana med å vandre eller sykle frå Myrdal til Flåm.